Pressemelding Folgefonna Opp 2019

4. løp i Norgescup
10.august inviterer Uskedalen IL og Ænes og Mauranger Bygdalag til motbakkeløpet Folgefonna Opp i Bondhusdalen.  Løpet tar deg frå fjord til fonn på historisk grunn i mektig nasjonalromantisk natur .Folgefonna Opp vert arrangert for 8. gong, men inngår i år også som 4.løp i norgescupen for motbakkeløp. Alt ligg derfor til rette for at mange eliteløparar finn vegen til Mauranger akkurat i år. Juniorklassen startar samtidig med konkurranseløparane, men har målgang ved Garshammar, 5 km ut i løypa.

Trase
Første del følgjer Isvegen innover Bondhusdalen, deretter oppover den frodige Hillarslia med sine mange hårnålssvingar til, Gardshammar(745moh).  Vidare følgjer løparane  den T merka stien inn i eit alpint landskap og kjem i mål etter 11 km ved Fonnabu turisthytte (1460 moh) like ved Folgefonna. Her ventar ein fantastisk utsikt og Kvinnherad Turlag med varm fruktsuppe. 

Traseen følgjer den 120 år gamle ridevegen Turistvegen over Folgefonna, som er ei av få utvalde historiske vandreruter i Norge. Sherpaene har også vore i sving på denne stien, og har laga flotte steintrapper opp det vanskelege partiet nedanfor Breidablikkhytta.

Eit løp for mosjonistar
Sjølv om me vil ha mange med i konkurranseklassen,  blir me like glade for alle mosjonistar som vil delta. Bruk høvet til å koma deg ut på ein flott fjelltur eller test deg sjølv i kva form du er i, med det tidspresset du legg på deg sjølv.. Krav for fullført løp i mosjonistklassen er minimum til Gardshammar. Me håpar mange kjem seg opp i løypa og heiar fram dei sprekaste. Ved retur samlingsplass kan du nyta ein middag som er inkludert i deltakar avgifta.

Etterpåmelding
Fristen for påmelding er sett til 4.august, men det er ope for etterpåmelding like fram til løpsdagen.  Påmelding via lenke på  www.folgefonna-opp.no. Der vil du også finne meir informasjon om løpet.


Link til påmelding


Premiar
Vinnarane kan vente seg  flotte lokalproduserte nisjeprodukt i tillegg til gode pengepremiar. Blant anna kan du vinne den unike FolgefonnaOpp strikkehua og drikkebegeret Tomling. Set du ny løyperekord blir du den glade eigar av ein handlaga kniv. Då må du tukte dei sterke tidene til Lars Erik Skjervheim 1.19.01 (2018), eller Mai Britt Buer 1.40.21(2016).


Herrevinnarar.jpg
Beste herrer 2018 (Foto: Arrangøren)

Born start.jpg
Barneløpet 2018 (Foto : Arrangøren)

Familiedag
Sanstundes som deltakarane svettar seg opp lia blir det folkefest inne på Sandarvollen, 2km lett gange frå parkeringsplassen i Bondhusdalen. Dei yngste skal også få startnummer på brystet. Barneløpet har same start og same startpistol som motbakkeløparane, og målgang inne på Sandarvollen med premie til alle.  Her blir det også Maurangermeisterskap i barkebåtløp og mjølkespannhalding, Øksekasting, Støvelkast, ansiktsmaling og quiz.

B Gjengen frå Rosendal Musikklag står for den musikalske underhaldninga.

Tradisjonsmat
 I kiosken blir det sal tradisjonsmat som rjomegraut, mjølkekaker og grilling av fiskeburger og pølsers mm. Her vil også premieutdelinga for motbakkeløpet føregå. Om kvelden blir det «After Run» ved Hardanger Fjord Lodge.

Det er altså ingen grunn til å sitje heime denne laurdagen enten du vil forbrenne kaloriar så det sprutar,  eller berre kosa deg med ein god porsjon rjomegraut .  Alle sprekingar og mindre spreke hjarteleg velkomne til Bondhusdalen 10. august.

Motbakkecupen
Sammenlagtlederne etter 3 av 5 løp, Karoline Holsen Kyte fra Førde og Torstein Tengsereid fra Skjalg er begge påmeldt Folgefonna Opp. Vinner  "Førdianeren" også det 4. løpet er hun motbakkemester 2019 med 4 seire og 400 poeng. Også en topp 4 plassering vil sikre henne sammenlagtseieren før det siste løpet i Tromsø.

I herreklassen er det helt åpent. Torstein Tengsereid kan gi seg selv en stor fordel med seier lørdag. Så langt har cupen 3 forskjellige vinnere og de beste har bare løpt 2 av 3 løp. Med 4 tellende i sluttstillingen kan mye bli avgjort lørdag om noen av de beste ikke stiller på startstreken.


Mefjellet opp NM-vinnar.jpeg
Torstein Tengsareid leder årets cup, her under årets NM der det ble full poengpott. Foto: Karoline Nerli
 

Mefjellet opp NM-vinnar kvinner.jpeg
Norgesmester Karoline Holsen Kyte går i mål på Mefjellet. Foto: Karoline Nerli

Sammenlagtstilling 3 løp.



hogdeprofilny640.jpg
Løypeprofil Folgefonna Opp

 Kart-640.jpg
Løypekart Folgefonna Opp


Meir info:
www.folgefonnaopp.no
https://www.facebook.com/FolgefonnaOpp
www.mauranger.no/

Kondisreportasjer Folgefonna Opp
2018: Både deltager og løyperekord i Folgefonna Opp
2016 : 
May-Britt Buene satte rekord i Folgefonna Opp
2012: Folgefonna Opp - Fra fjord til fonn