Arrangøren v/ Gisle Skjølberg melder:

Pr 5. juli er det allereie påmeldt 65 deltakar i konkurranse og 152 i mosjon. Vi ventar at om lag 100 konkurranseløparar og rundt 400 mosjonistar finn vegen til topps på Veten laurdag.

I dameklassa er om lag heile norgeseliten på plass: May Britt Buer, Therese Sjursen, Tuva Toftdahl Staver, Merete Helgheim, tvillingane Astrid og Silje Øyre Slind i lag med mange andre spennande namn.

I herreklassen er Øyvind Heiberg Sundby den største favoritten av dei som er førehandspåmeldt, saman med Arve Rindal, Jann Olav Tjønneland, Gøran Tefre osv.. Så langt er ikkje dei 3 på pallen frå i fjor (John Sombol, Tarjei Bø og Ola Berger) påmeldt, så det er ganske ope blant herrane.

Vi er godt fornøgde med at så mange deltakarar kjem attende år etter år, til tross for at Bremanger ikkje er den mest sentrale plassen med tanke på at dette er ei øy ute i havgapet. Ut i frå folketalet på Bremanger og omegn er Vetenløpet eit rimeleg stort arrangement i motbakke-målestokk. Sjølv om Vetenløpet ikkje er ein del av norgescupen i motbakkeløp er store delar av dei beste motbakkeløparane samla her ute kvart år.

Premiar:
Følgande pengepremiar for totalplassering gjeld for både kvinner og menn:
1 premie: kr 10.000
2 premie: kr 5000
3 premie: kr 3000

I tillegg vert det utbetalt kr 7500 for ny løyperekord for både kvinner og menn.

Alle klassevinnarar får kr 500,- i pengepremie.

Slik gjekk det i 2010

Heimeside


Start fra Grotlesanden til høyre på bildet.

Høydeprofil for Vetenløpet: