Vi har fått følgende info fra Siv Midtlien i Gurskøy IL.
Motbakkeløpet Røddalshornet Opp vert arrangert for andre gong. Også i år vil det vere ei pust-og-pes klasse utan tidtaking og ei peis-på klasse med tidtaking. Løpet startar på parkeringsplassen ved lysløya der det er ca. 2 km og drøye 400 høgdemeter til toppen av Røddalshornet på 563 moh. Røddalshornet husa tidlegare den gamle alpinbakken på Leikongeidet. Det er ein flott tur som gir fantastisk utsikt over Sunnmørsalpane og skjergarden mot Eiksund.
I tillegg til motbakkeløp vil det vere rebusløp i lysløypa for store og små. Her vil det vere ti postar med ulike oppgåver og kjekke aktivitetar for heile familien. Ved parkeringsplassen vil det vere kafé og kiosksal.
MOTBAKKELØPET RØDALSHORNET OPP
To puljer:
kl. 11.30: "Pust og pes" - mosjonsklasse uten tidtaking
kl. 12.30: "Peis på" - med tidtaking
Påmeling 30 minutter før. Premiering i "Peis på"-klassa for damer og herrer over 16 år og for gutar og yenter under 16 år. Startkontingent kr 100 over 16 år og kr 50 under 16 år.
REBUSLØP I LYSLØYPA
Kl. 11.00 - 15.00 for born/familiar. Startkontingent kt 25 per person.
KiosksaL FRÅ KL. 11-15 ved parkeringsplass
*
Flott utsikt frå toppen av Røddalshornet.