Vignett-kondiskommentaren.jpg

Artikkelen har òg stått på trykk i Kondis nr. 5 - 2020.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
 

På 1990-talet vart det sett ei rad med verdsrekordar på bane. Det var i ei epoke EPO var tilgjengeleg, men det ikkje fanst nokon test som kunne avsløre bruk av dopingmiddelet. Vi som såg på, registrerte at det vart sprungi fantastisk fort – til dømes 3.26 på 1500 m og 7.20 på 3000 m – men vi visste ikkje kva tidene var verdt. Var det ved hjelp av det nye superdopet tidene vart oppnådd?

Det veit vi for så vidt ikkje enno, men mange tenkjer at det er ein grunn til at ingen har vori i nærleiken av desse tidene på dei over 20 åra som har gått. Kan hende er grunnen at det etter kvart kom ein EPO-test som gradvis har vorti betre.  

Dei siste tre åra har vi sett litt av den same trenden i gateløp som den vi på 1990-talet såg i baneløp. Verdsrekordane er vorti pulveriserte for både kvinner og menn på dei fleste distansane frå 5 km til maraton. Og sjølv om dopingspøkelset framleis heng over toppidretten, så er det no like mykje skorne som gjer at vi ikkje veit kva prestasjonane er verdt.

Det skjedde heilt klart noko da Nike kom på bana med karbonskorne sine, først til eliteutøvarane før OL i 2016 og eit år seinare til dei som klarte å få tak i eit par. Forskingsresultata viste at Vaporfly 4% gav ca. 4 prosent betre løpsøkonomi enn dei beste skorne fram til da. Vaporfly Next% gav i snitt 1 prosent til, og no er òg Alphafly kommen som skal vera enda raskare på lange distansar.

5 prosent betre løpsøkonomi vil normalt gi ei resultatforbetring på ca. 3 prosent. Det vil seie at ein maraton i «gamle sko» på 2.04 no kan springast ned mot 2.00. Ein 10 km som gjekk på 30 minutt, nærmar seg 29 blank.

Eit problem, om ein vil kalle det det, er òg at 5 prosent forbetra løpsøkonomi er eit gjennomsnitt. Somme har ein framgang på 7-8 prosent og andre på 2-3. Dermed vil dei som er såkalla «high responders» på dei nye skorne, ha ein enorm fordel.

Eg har ikkje noko ønske om å ta prestasjonsgleda – eller løpsgleda i raske sko – frå nokon. Og skorne er lovlege, så å bruke dei kan slik sett ikkje samanliknast med doping. Det er ikkje juks.

Men når vi les at 17 norske menn sprang 10 km under 30 minutt i fjor – mot berre 7 i 2017, så trur eg vi skal ha i bakhovudet at det kan ha noko med skorne å gjera. Nivået har heva seg, men samstundes har det vorti lettare å oppnå gode tider enn det det var for 5 eller 50 år sia.

Skorevolusjonen er ikkje like utslagsgivande som det klappskøytene var for tidene på skøytebana. Men det er ikkje usannsynleg at Eliud Kipchoge framleis er ca. like god maratonløpar som det han var da han sprang på 2.04 i 2015. Men at han dei siste fire åra har fått stadig raskare sko.


«Og sjølv om dopingspøkelset framleis heng over toppidretten, så er det no like mykje skorne som gjer at vi ikkje veit kva prestasjonane er verdt.»
 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.


Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957