Sundag 25. juni er datoen for motbakkeløpet Svinestranda Opp, på Sandane. Dette er også eit av fem løp i Norgescupen i motbakkeløp, der alle fem løpa tel med.

Starten går i Sandane sentrum kl 12 (11.30 for alle over 60 år), og målgang er på Svinestranda, 1074 moh.  Løypa er ca 7 km lang, og vinnartidene for menn brukar å ligge i underkant av 55 minutt.  Løyperekordane er frå 2016, og tilhøyrer Sindre Hoff (51.10) og Eli Anne Dvergsdal (57,04).

Kondis.no 2016: Løyperekordar i Svinestranda opp

Løypa har eit relativt bratt parti etter om lag 1,5 km, deretter er det slakkare fram til Austrheimsstøylen (mellomtider, og hovudkvarter for premieutdelinga), for så å få eit rimeleg bratt parti fram mot toppen. 


IMG_8989.jpg
Frå starten i 2016. (Foto: Arrangøren)

Løypeprofilen og kart finn ein på  motbakke.com.  Ei spennande og kjempegod løype, iflg profilerte løparar som har vore med siste åra.

Påmeldingsfristen går ut måndag 19. juni.  Enklast er å melde seg på via påmeldingssystemet til mosjon.friidrett.no. Du kan også melde deg på via epost til dagfinn.nyhammer@enivest.net.  SMS på mobil 41227968 er også OK, vi skal få alle med!

Heimesida for løpet gjev elles informasjon om arrangementet, du finn den her: 

- Vi ønskjer alle velkomne til Gloppen og Svinestranda Opp 2017, seier Dagfinn Nyhammer, leiar i Fjellhug/Vereide il, friidrett.


P1070107.jpg
Tina Løkke Vie (3), Eli Anne Dvergsdal (1) og Merete Helgheim (3)  var raskast av kvinnene i 2016. (Foto: Arrangøren).