Vi har fått følgjande gladnyheit frå arrangøren, Norddal IL, av Norges høgste motbakkeløp. Løpet arrangerast for første gong lørdag 9. september 2017.

Arrangementet har 3 løp med ulike lengd og høgdemeter:

Alle løpa startar i fjøresteinane ved kaia i Norddal. Stort sett følgjer dei tre løpa same løypetrasé eit stykje slik biletet over viser. 

Alle løpa har både konkurranse- og turklasse. Meir om løpa på Norddal IL si heimeside og facebookside.
 og Instagram

Meir enn eit løp

1851 opp ned Norddal er meir enn et løp. I tillegg til løpet har de derfor lagt opp til ei helg fylt av opplevelser basert på det bygda har å by på: Lokal matbygdevandring, dyr, quiz, kloster, gardsbesøk, Herdalsetra, kafé, trykkekunst, dagens video, sjø, skattejakt, bryggeribesøk og mye mer. Sjå programmet.

Program1.jpg
Program.

20170904_174624.jpg
Drikkestasjonane vil vere lokal bringebærsaft frå Melchiorgarden og Olegarden i Norddal.
 

Finn ut mer om stedet og bygda på Happy end sine nettsider.

TORVLØYSA 1851 moh.
Starten for alle løpa går i fjøresteinane mellom Nærbutikken og kyrkja og endar same plass. Første kilometeren over elva, forbi Petrines gjestgiveri og nesten opp til barnehagen er asfaltert og relativt flat. Her tek ein til venstre gjennom eit le og følgjer gamlevegen i ei relativt tung oppstigning mot Rellingsetra.

2.jpg

 

Etter 2.8 km og 300 moh. kryssar ein den kommunale vegen og held fram mot Rellingsætra (570 moh. og 4,2 km) som er snuplass for dei som deltek i Relingsætra 570 opp//ned. Her følgjer eit lettare parti som går i fin kupert rås langs elva Dyrdøla framover Dyrdalen.

Etter 5.3 km kryssar ein elva som kjem frå Storvatnet over ei bru og følgjer stien til Innsetsetra (600 moh.). Ved Dyrdøla bør ein fylle flaske/tank. Her er siste moglegheit for å fylle vatn før ein når toppen.

3.jpg

Vidare følgjer ei relativt tung oppstigning mot Daurmålsfjellet i fin rås. Når det flatar litt ut kjem ein til ei myr og eit skilt som peikar mot Torvløysa. Her skal dei som deltek i Daurmålsfjellet 805 opp//ned springe rett fram mot snuplassen som er heilt ute på pynten av fjellet med fin utsikt over bygda.

4.jpg

5.jpg

Dei som er med i Torvløysa 1851 opp//ned skal svinge mot aust opp på ein rygg som går parallelt med Dyrdalen. Det er no 1000 høgdemeter og 5.5 km igjen til toppen som ligg i sør. Første partiet langs denne ryggen er forholdsvis lett og har god rås, men det blir stadig brattare og meir utfordrande å fote seg. Råsa er godt merka med, men kan vere utfordrande i dårleg sikt.

6.jpg

Etter 10 km og 1450 moh. kjem ein til eit platå på vel 500 m som framstår som flatt og har fantastisk utsikt(i finevær) mot Storvatnet, Storvasshornet og Skårene i retning vest og sør- vest. Siste del mot toppen består av rå gråsteinsur og er tungt, bratt og ulendt før det flatar litt ut siste 300 m.

7.jpg

Rundt varden på høgste punktet er det ope og relativt flatt, underlaget er ein god miks av store og mindre steinheller. Frå varden har du 360 graders panoramautsikt mot Pyttegga i Aust, Kupenibba i Sør, Skorene i Vest og Norddalen og Norddalsfjorden i Nord.

8.jpg

Nedturen blir ein opptur tilbake til målgang i startområdet. Om været er bra kan ein nyte uslåeleg utsikt mens ein prøver å halde kontroll på føtene heimover ryggen mot Daurmålsfjellet.  

9.jpg

10.jpg

Ved passering Innsetsetra og Rellingsetra begynner føtene å kjenne at det har vore mange høgde- og lengdemeter allereie, men der er litt att. Målgang er i fjøresteinane, akkurat der ein starta.

11.jpg

Trase:
kart.jpg