Det vart ein praktfull rekorddag i den 11. utgåva av motbakkeløpet Stalheimskleiva Opp som vart arrangert på Kristi himmelfartsdag 10. mai. Løpet som er 2 km langt med 280 m stigning går opp den brattaste riksvegen i Noreg med 18 % stigning!

 

640_18prosent_FotoChrPr.jpg

 

640_Torstein Tengsareid. Foto Guro Hauge.jpg

Torstein Tengsareid såg ut til å ha kobla inn High Gear med turbo då han spurta i mål på den nye rekordtida 8:46 og slo den 10 år gamle løyperekorden til motbakkeløp-legenda Jon Tvedt med 18 sekundar. Foto Guro Hauge

 

640_Eli Anne og Torstein. Løyperekordar. Foto Chr Prestegård.jpg

Eli Anne Dvergsdal og Torstein Tengsareid fekk kr 5.000 kvar for nye løyperekordar. Foto Christian Prestegård. 
 

 

Dvergsdal og Tengsareid var omlag like suverene vinnarar av motbakkeløpet. Torstein vann herreklassa med 64 sek ned til Hans Inge Klette, IL Viljar på 2. pl (9:50) og 70 sek ned til Daniel Dukstad,  Voss IL på 3. pl. (9:56). Eli Anne vann dameklassa med 59 sek ned til tvillingane Emma og Anna Hanstveit,  Mjøsdalen IL som vart nr 2 og 3 (på 11.30 og 11:31). Sjå fullstendig resultatliste

 

Hans Inge Klette som vart nr 2 i løpet fortener ekstra omtale. I arrangementet Stalheimskleiva Opp er det også lagt inn ein multisportkonkurransen Trippelen med Sykling, Rulleski og Løping opp den same løypa. Hans Inge  vann Trippelen samanlagt på tida 29:20 . Like før han sprang i mål på 9:50 i løpet hadde han også sykla opp på 9:27 og gått opp på Rulleski på 10:03. Hans Inge hadde også raskaste tid på alle etappane av dei 11 som deltok i herreklassa. Sjå resultatliste for Trippelen 

 

I deltakartal er det dei yngste aldersklassane som dominerer Stalheimskleiva Opp.  

60 % av deltakarane i motbakkeløpet var mellom 12 og 17 år.

 

640_EmilGerald_G12-13_Foto Chr Prestegård.jpgDen største klassa var gutar 12-13 år med 17 deltakarar. Her illustrert med Emil Gjerald, IL Eldar, i innspurten. Heile 31 av totalt 53 menn var mellom 12 og 17 år. Til samanligning var 13 av totalt 21 kvinner mellom 12 og 17 år. Foto: Christian Prestegård
 

640_Ludvig og Christian. Foto Frank Nyheim.jpg​Det vart svært så triveleg og sosialt i Stalheimskleiva Opp sjølv om vi i dei eldste aldersklassane vart nokså åleine. Her er eg saman med Ludvig Tennebekk, Varegg, etter ein frisk sluttspurt. Denne gongen kunne vi ikkje unngå å vinne våre respektive aldersklassar M60 og M65. 

For info om Stalheimskleiva Opp sjå www.vossoppturar.no