I eit større intervju på marathon.se kan vi lesa både om alt den opplevingsglade svensken har vori med på hittil og korleis han trenar for å klare EM-kravet.

- Eg har vanlegvis ti økter i veka fordelt med fire kvalitetsøkter, ein lang langtur og fem rolege turar. Treninga er oppdelt i tre fasar som kvar varar i tre veker. Den første er lettast med 14-15 mil i veka, den andre er tøffare med 17-18 mil og den siste, som ligg nærmast maratonløpet, er tøffast med over 20 mil i veka. Kvalitetsøktene er hurtig langtur på måndagane, 400 metersintervallar i piggsko på tysdagane, 1000 metersintervallar på bane på torsdagane og 10 minuttsintervallar på laurdagane, fortel Höiom til marathon.se.

Neste mål for Runar Höiom er Chicago Marathon 9. oktober der både han og bror Mons vonar å springe under 2.18. Men når han blir spurd om det er noko løp han likar særleg godt, er svaret Midnight Sun Marathon i Tromsø.

Runar er òg veldig klar på at det han gjer, det vil han gjera med heile seg:

- Satsinga mi er seriøs. I ei badstu i Noreg prata eg for fleire år sia med ein nordmann som sa at han kunne ha prestert betre om han hadde trena meir. Når eg sluttar, vil eg ikkje ha noko slikt spørreteikn. Eg vil kjenne at eg gjorde alt og fekk ut det eg kunne av talentet mitt.

Les heile intervjuet her.

Les om maratonsatsinga til veslebror Mons Höiom.