34 løparar fullførte i konkurranseklassen, litt færre enn vanleg. Ei heller dårleg vermelding må nok ta litt av skulda.

Arrangementet var som vanleg svært bra, hyggeleg stemning og fine uttrekkspremiar. 

IMG_9981.jpg

Dei tre beste damene: Frå venstre nummer to Caroline Christie, vinnar Therese Sjursen og nummer tre Torunn Grut.

Heile resultatlista finn du under biletserien.

Fotograf i løypa: Jan Ringheim. Ingressbilde: Arrangøren. Start og premieutdeling: Oddny Ringheim

IMG_9968.jpg

For 13-14-åringane er det ei eiga løype, Vidasete nesten opp, den er ca 2 kilometer lang. Her ser vi Rebekka Midlang Hardbakk og Turid Johanne Grindedal rett etter starten på Lunde.

IMG_9403.jpg

Bjørnar Fosse Vaksdal var einaste gut som deltok, og tida vart 16 minutt.

 

IMG_9410.jpg

Rebekka Midlang Hardbakk var beste jente i Vidasete nesten opp på 19:08.

IMG_9974.jpg

Therese Sjursen vert intervjua av speaker Halvor Flatland før start.

 

IMG_9421.jpg

Joel Dyrhovden forbetra tida si med 7 sekund frå i fjor. Vinnartida hans vart 33:56.

IMG_9430.jpg

Det var kamp om andreplassen mellom Ketil Monssen (fremst) og Joar Grov Turvoll. Det var Joar som vann kampen, tida vart 35:05, 5 sekund før Ketil Monssen.

IMG_9439.jpg

Sondre Øvre-Helland låg på fjerdeplass her rett etter første drikkestasjon, og enda til slutt på sjetteplass. Han held seg vanlegvis i lettare terreng, og har personleg rekord på maraton på 2:33:34.

IMG_9440.jpg

Leif Bjørn Grindedal med Ole Martin Erdal i hælane. Dei to kom seg forbi Sondre Øvre-Helland og kom inn på hhv 36:13 og 36:18.

 

IMG_9445.jpg

Kjell Erling Mundal var nummer sju totalt og best i klasse 50-59.

IMG_9462_Therese_Sjursen.jpg

Therese Sjursen har ikkje gitt opp håpet om å forbetra løyperekorden, men i dag var det litt for sleipt og kaldt. Då rekorden vart sett, i 2015, var det sol og varmt. Tida i dag vart 41:40.

 

IMG_9468.jpg

Sist helg vann han Jølster maraton, i dag vart Jens Andreas Melheim nummer 10.

 

IMG_9483.jpg

Caroline Christie vart nummer to av damene og best i klasse 30-39.

 

IMG_9488.jpg​Torunn Grut, vinnar klasse 50-59.

IMG_9491.jpg

Hermann Erdal, nummer tre i klasse 50-59.

 

IMG_9495.jpg

Anna Margrethe Tråve, klasse 60-69. Tida vart 51:47, Bak kjem Trond Sundby, sjefen for Balestrand opp på andre sida av Sognefjorden. Det løpet går 16.september.

 

IMG_9507.jpg

Polly Evans (til venstre) og Victoria Midlang Harbakk kom i mål på hhv 55:17 og 55:14. 

 

IMG_9529.jpg

Bjørghild Holien vart nummer tre i klasse 50-59 år og vippa dermed kondisreporteren elegant ned frå den gjeve seierspallen i klassen.

 

IMG_9545.jpg

Det er ikkje berre løparane som har det travelt på ein dag som denne. Gert Vaartjes frå arrangørstaben kom joggandre rett inn i eit prøvebilete. Han har ansvar for tidtaking og ymse anna, han er frå Nederland og arbeider i Highsoft i Vik. 

 

    Vidasete opp 9.Juli 2017      
           
    Name Club  Class Time
1   Therese Sjursen  NOR
BFG Bergen Løpeklubb 
D40-49
41:40.90
2   Caroline Christie  NOR
Varegg Fleridrett / Fjellgeitene 
D30-39
46:05.50
3   Torunn Grut  NOR
Syril IL 
D50-59
48:47.10
4   Anna Magrethe Tråve  NOR
Lærdal IL 
D60-64
51:47.90
5   Ellen Terese Harbakk  NOR
Feios IL - friidrett / Feios 
D40-49
52:52.00
6   Anne Berit Holsen  NOR
FØRDE 
D50-59
54:19.20
7   Victoria Midlang Harbakk  NOR
Feios IL - friidrett 
D15-17
55:14.00
8   Polly Evans  NOR
FEIOS 
D30-39
55:17.70
9   Bjørghild Holien  NOR
Lærdal IL 
D50-59
58:49.10
10   Oddny Ringheim  NOR
BFG Bergen Løpeklubb 
D50-59
1:01:40.30
           
           
    Name Club  Class Time
1   Joel Dyrhovden  NOR
Samnanger IL / Safa 
M18-29
33:56.60
2   Joar Grov Turvoll  NOR
Vik IL 
M18-29
35:05.20
3   Ketil Monssen  NOR
BFG Bergen Løpeklubb 
M30-39
35:10.70
4   Leif Bjørn Grindedal  NOR
Bjørgum IL / Sogn Bygg OG Montasje 
M30-39
36:13.20
5   Ole Martin ERDAL  NOR
Førde IL - Friidrett 
M18-29
36:18.40
6   Sondre Øvre-Helland  NOR
Viking 
M18-29
37:31.60
7   Kjell Erling Mundal  NOR
FJÆRLAND 
M50-59
39:24.80
8   Erlend HENJESAND  NOR
Syril IL 
M18-29
40:24.80
9   Tore Instebø  NOR
Varegg Fleridrett / Fjellgeitene 
M40-49
41:09.30
10   Jens Andreas Melheim  NOR
Vik IL 
M40-49
41:30.30
11   Håvard Fuglesteg  NOR
Fanaråk IL 
M30-39
42:38.70
12   Roger Erstad  NOR
Varegg Fleridrett / Fjellgeitene 
M40-49
42:57.50
13   John Ronny Hove  NOR
Vik IL / Tobil 
M40-49
43:52.70
14   Geir Grindedal  NOR
ØVRE ÅRDAL 
M50-59
44:10.10
15   Viljar Helleland  NOR
Sognekraft AS 
M18-29
44:48.00
16   Aksel Øvsthus  NOR
Mjøsdalen IL 
M60-64
48:26.30
17   Herman Erdal  NOR
Førde IL - Friidrett 
M50-59
50:20.10
18   Trond Sundby  NOR
Balestrand IL 
M65-69
50:23.90
19   Richard Berthelsen  NOR
Mjøsdalen IL 
M40-49
51:17.60
20   Endre Johan Jordalen  NOR
Vik IL 
M50-59
51:32.30
21   Frank Nyheim  NOR
Kondis 
M40-49
56:37.30
           
    Vidasete nesten opp      
           
    Name Club  Class Time
1   Bjørnar Fosse Vaksdal  NOR
Bjørgum IL 
G13-14
16:00.30
2   Rebekka Midlang Harbakk  NOR
Feios IL - friidrett 
J13-14
19:08.10
3   Turid Johanne Grindedal  NOR
Feios IL - friidrett 
J13-14
22:41.80

 

IMG_9948.jpg