Friidrettsgruppa i Olden IL inviterer løparar og syklistar på alle nivå inkl. og ikkje minst trimmarar til eit nytt lettløpt motbakkeløp samanlikna med Skåla 1848m rett opp www.skaala.no i nabobygda Loen som berre ligg 5km unna.

Løypelengda i Skarsteinsetra Opp er omlag 4, 7 km og høgdeskilnaden er 400m mellom start og mål. Sjå stort foto nedanfor med innteikna løype. Løypa startar i Olden Sentrum.  Dei fyrste 2,1 km går på asfalt og dei siste 2,6km er grusveg (gardsveg/skogsveg) .Frå start 600m tilnærma flatt. Deretter 900m moderat stigning. Så 1 km flatt/lett stigning. Siste 1,7 km moderat/bratt stigning.

Starttider: I Trimklassa er det valgfri starttid mellom 11.30 og 13.30 .Alle kan delta uansett alder.
Startkontingent kr. 50,- Familie kr. 100,- Påmelding ved start. 

I Konkurranseklassane er det fellesstart kl. 14.00 i Olden sentrum. Syklistar og løparar startar samstundes.
Klasseinndeling : D/H : 15-17 år, 18-20 år, 21-29 år, 30-39 år, 40-49 år, 50-59 år, 60-69 år, 70 +
Startkontingent : kr. 200,- ved førehandspåmeling. til Kontonr: 3770.20.32211. Etterpåmelding løpsdagen kr. 250,- seinast 1 time før start.

Påmeldingsfrist Fredag 9/9 kl.23.59 ! Påmelding til Hans-Petter Galtung, hans.petter.galtung@sfj.no eller på tlf. 90418186

Premiering: Deltakarpremie. Vanleg premiering i konkurranseklassane. I tillegg uttrekkspremiar i trimklassa.
Premieutdeling og sal av grillmat på Skarsteinsetra etter løpet. På Trimmarane får sine premiar ved registrering på setra. Ved dårleg ver kan premieutdelinga bli flytta til Olden sentrum.

Praktiske opplysningar : Konkurranseløparar kan sende ekstra kle til målområdet.  Garderobar: Olden skule. Ca. 200m frå startområdet. Parkering i Olden Sentrum. Det er ikkje lov å køyre bil til målområdet (Skarsteinsetra) løpsdagen. Det er heller ikkje høve/plass til å parkere langs løypa eller på Gildestad. 

640_Trase