Ikkje uventa blei det sigrar til førehandsfavorittane Lars Erik Skjervheim, Voss IL og Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen Løpeklubb i den 7. utgåva av E-CO Rimstigen Opp laurdag 28. juli.

VANN SUVERENT I TROPEVARMEN

Sigeren til Skjervheim var aldri trua, og utan å gå i kjellaren kom han i mål på den gode tida 26.39, knapt to minuttar bak løyperekorden til Torbjørn Ludvigsen. Erling Hisdal, som i lengre tid har vore plaga med skade, tok ein fin andreplass med 29.34 og Anders Kjærevik  blei nr. 3 med 30.37. Unge Anders Sommer, Varegg sprang eit solid løp i klasse 18-22 år, og blei totalt nr. 4 med 31.01.


Lars_Erik_Skjervhein_førtemann_FotoJanChrJerving.JPG
Lars Erik  Skjervheim til topps i herreklassen. (Foto: Jan Chr. Jerving)


Topp 10 menn:

1 Lars Erik Skjervheim Voss IL 35-39 26:39
2 Erling Hisdal IK Tjalve 35-39 29:34
3 Anders Kjærevik AJK Airlines 23-34 30:37
4 Anders Sommer Varegg 18-22 31:01
5 Kjell Erling Mundal Fjærland IL 50-54 31:18
6 Bjarte Mørkve Eldar 23-34 32:16
7 Roy Olsen IL Jotun 40-44 32:20
8 Kristian Karlsen Ingen 35-39 32:27
9 Tore Instebø Varegg / Fjellgeitene 45-49 32:35
10 Håvard Fuglesteg IL Fanaråk 35-39 32:59


Komplett resultatliste menn


Også Anita Iversen Lilleskare takla varme Rimstigen på ein god måte, og vann komfortabelt kvinneklassen med 31.29. Elisabeth Hildenes, Eid IL vart nr. 2 med 34.09 og Stina Mari Taule, IL Gular kom inn på tredjeplass med 34.42.

Topp 5 kvinner:

1 Anita Iversen Lilleskare BFG Bergen Løpeklubb 40-44 31:29
2 Elisabeth Hildenes Eid IL 23-34 34:09
3 Stina Mari Taule IL Gular 23-34 34:42
4 Kathrine Dugstad Friskis & Svettis 50-54 36:23
5 Jori Mørkve Eldar IL 35-39 39:28


Komplett resulttaliste kvinner


FIRE KLASSEREKORDAR

I E-CO Rimstigen Opp blir det notert klasserekordar, og fire av desse blei sletta. Den mest imponerande bragda stod Birger N. Hanstveit, IL Mjøsdalen for. Han stiller i klasse 75-79 år, og klatra dei 725 høgdemetrane til Rimstigen på imponerande 42.30. Også Kathrine Dugstad (40-44 år) sette rekord med 36.23, Magnar Solheim, Nordahlsfjord IL (60-64 år) med 33.45 og Anita I.Lilleskare (40-44 år) med 31.29. 


Startfeltet_foto_Kristiane_S_Terum.JPGStartfeltet. (Foto: Kristiane S. Terum)

Anders_KJærevik_Lars_E_Skjervheim_Anita_Lilleskare_Stina_Marie_Taule_Foto_JanChrJevne.JPGFem av de seks på pallen: Frå venstre Anders Kjærevik, Lars E. Skjervheim, Anita I.Lilleskare, Elisabeth Hildenes og Stina Mari Taule. (Foto: Jan Chr. Jerving)

Ein_gjeng_frå_Varegg-Fjellgeitene.JPGStor stemning på toppen. Ein stor gjeng frå Varegg / Fjellgeitene har vore årvisse deltakarar i Rimstigen Opp. (Foto: Jan Chr. Jerving)

Bading_i_fjorden_etterpå_foto_JanChrJerving.JPG
Som vanleg blei det bading i fjorden etter retur til start. Foto: Jan Chr. Jerving


Sjå løpets facebookside for fleire bilete