Sara Rebekka Færø beste dame

Foto Oddny Ringheim 2011
Foto Oddny Ringheim 2011

Slethaug best i KnarvikXtrem

Sverre Slethaug vann på 37.52 og var 11 sekund føre Svein Roar Kvamme i mål. Jo Harald Færø vart nummer tre. I dameklassen hadde Sara Rebekka Færø (biletet) full kontroll og vann på 47.22, over tre minutt før nr. 2 Torunn Øvergaard Aarvik. 70 løparar var ute i det fine veret på Knarvik i dag.

Publisert Sist oppdatert

KnarvikXtrem vart tidlegare arrangert saman med Knarvikmila, men er no flytta til våren. Sjefen for Knarvikmila-arrangementa Helge Brekke sa til Kondis.no at løpet også neste år vil bli arrangert ein laurdag på omtrent same tid som i år.

Kvinner
1 Sara Rebekka Færø Linde47.22
2 Torunn Øvergaard Aarvik51.03
3 Sølvi Eide Eldøy53.22
Menn
1 Sverre Morten Slethaug37.52
2 Svein Roar Kvamme38.03
3 Jo Harald Færø39.13

Beste resultat:

Fullstendinge resultatlister:

Samanlagt
Klassedelt

Samleside Knarvikmila


Svein Roar Kvamme var best i seniorklassen med tida 38.03.


Sverre Slethaug låg nokre sekund bak når dei starta på siste sløyfa, men kom seg forbi medan dei framleis var ute i terrenget. Siste kilometeren av løypa går på grusveg.

-Eg vinn nok på lang erfaring og på god teknikk i nedoverbakkane, sa Sverre Slethaug etter løpet. Han er utteken til VM i Ultratrail i Irland i sommar og er inne i ein periode med mykje trening. -Det var eit tungt løp sjølv om det er kort i forhold til det eg trenar til, sa Slethaug, som har mange treningstimar bak seg i terrenget rundt Knarvik.

Nalic Mizra vart nummer fire i seniorklassen.

Harald Nygård var best i klasse 60-64 år med 45.23.

Einar Færø, vinnar av klasse 55-59 år.

Tore Klanderud langar ut og vart nummer to i klasse 40-44 år.

Helge Færø, vinnar av klasse 50-54 år.

Ove Morken, nummer to i klasse 45-49 år.


Sara Rebekka Færø er tilbake i landet etter to år i Budapest. Ho hadde ingen problem med å halda konkurrentane bak seg i dag, tida vart 47.22. Ho var godt nøygd med løpet, det gjekk lett i dag, sa ho, og hadde heller ikkje mykje konkurranse frå dei andre ni damene som var med.

Ove Bernes frå Mjøsdalen vart nummer to i klasse 55-59 år.

Terje Bakke (nr 72) og Tarjei Matre kom inn på rundt 49 minutt.

Torunn Øvergaard Aarvik vann klasse 40-44 år og vart nummer to totalt med 64.26.

Ole Kjeka, 52.01 og femteplass i 40-44.

Sølvi Eide Eldøy, nummer tre samanlagt og nummer to i klasse 40-44 år.

Roy Vabø, Hanne Liland og Gunnar A Larssen er på veg opp til siste sløyfa i terreng. Larssen var best i klasse 65-69 år med 55.29. Hanne Liland vart nummer fire av damene, men sprang feil og tapte på det.

Marianne Stanghelle vart nummer to i seniorklassen.

Anita Sletten Hansen, einaste dame i klasse 35-39 år.

Nils Klubben, fødd 1942, var eldstemann i dag og sprang på 66.27.

Sverre Slethaug har berre eit par hundre meter att til mål.

Jo Harald Færø, nummer to i seniorklassen på veg til mål, tida vart 39.13.

Jaad Orten, nummer tre i seniorklassen med 39.41.

Claus Sellevoll, vinnar av klasse 35-39 år, 40.58.

Vossingen Kjetil Dyrvik i fin stil. Han vann klasse 45-49 år på 42.52.

Vinnar av klasse 15-16 år, Magnus Johan Færø, 43.32. Det heldt til åttandeplass totalt.

Kjetil Iden, nummer to i klasse 35-39 år.

Jarle Torkildsen og Sara Rebekka Færø på veg mot mål. Sara vann duellen med eit sekund.

Fullstendinge resultatlister:


Samanlagt
Klassedelt

Samleside Knarvikmila

Powered by Labrador CMS