Arrangøren kan melde at løypa er ferdig merka og nye påmeldingar kjem inn kvar dag, spesielt i konkurranse. Foto er teke av Svenn Petter Kjerpeset.

I fjor deltok 134 konkurranseløparar og 400 mosjonistar og det er venta stor deltaking også i år.

I konkurranse er påmeldingsfristen fredag 10. juli kl 21.00. Blant dei som er påmeldt til no er Thorbjørn Thorsen Ludvigsen og Sindre Hoff dei største favorittane i herreklassa. begge desse deltek for første gong. Merete Weng og Merete Helgheim er favorittar i dameklassa. NB ! Siste melding er at også den ferske sølv-medaljøren i motbakke-EM, Eli Anne Dvergsdal er påmeldt.

 
Link til direkte påmelding og deltakarliste: https://reg.eqtiming.no/?EventUID=18315
 
Reportasje i Kondis 2014
 

Eli_Anne_Dvergsdal_A20G0524.jpg
Sølvvinnar: Førre helg vart Eli Anne Dvergsdal nr. 2 i EM i motbakkeløp. At ho kan meir enn å løpe motbakke viste ho uka før det igjen. Då vann ho 5000 m på Bislett på ei god tid. Nå kjem den ferske sølvvinnaren til Vetenløpet. (Foto: Kjell Vigestad)