Pernilla Epland kom som eit friskt pust inn i norsk langdistansespringing i fjor, og i år ser ho ut til å bli enda betre. (Foto: Nils Hetleflåt)
Pernilla Epland kom som eit friskt pust inn i norsk langdistansespringing i fjor, og i år ser ho ut til å bli enda betre. (Foto: Nils Hetleflåt)

Sterk halvmaratonløping av Pernilla Epland i Venloop

Pernilla Epland frå Stord sette pers med nesten 2 minutt da ho sprang Venloop Halvmaraton på 1.15.11. Marius Vedvik fekk det ikkje heilt til og var eit stykke bak persen med 1.06.51.

Publisert Sist oppdatert

Det var ikkje berre under VM i Valencia at det vart sprungi fort på halvmaraton i helga. På halvmaratonløpet i Venloop i Nederland 25. mars var vinnartida i herreklassen faktisk betre enn i VM. Stephen Kiprop vann på 59.44 medan Geoffrey Kamworor sprang på 1.00.02 da han sikra seg VM-gullet.

Ein av grunnane til det var nok at det var så å seie vindstille i Nederland på sundag medan det blas friskt i Spania på laurdag. Norske Pernille Epland nytta dei flotte løpsforholda godt og sprang inn til åttandeplass og 1.15.11. Den gamle persen, sett under Oslo Maraton i fjor haust, var på 1.17.05.

Tida fører 27 år gamle Epland opp på andreplass på den norske halvmaratonstatistikken i år. Berre Karoline Bjerkeli Grøvdal har med sine 1.12.43 frå New York sprungi fortare. 2018 ser ut til å bli eit verkeleg godt norsk halvmaratonår på kvinnesida. Allereie har sju norske kvinner sprungi under 1.20 medan det i fjor var 11 som klarte det på heile året. Går vi tilbake til 2010, var det berre fem norske kvinner som klarte ei tid under 1.20.

Framføre seg i Venloop hadde Pernilla seks afrikanske kvinner og ei hollandsk. Løpet vart vunni av kenyanske Nancy Kiprop på sterke 1.07.49. Tida ville haldi til ein femteplass i VM halvmaraton.

- Det var flotte forhold under løpet med 13-14 grader og lettskya vêr. Det var lite vind; værmeldinga sa 2-3 m/s. Det er ei forholdsvis lettløpt løype, sjølv om siste halvdel er litt tyngre, fortel Epland sin trenar, Nils Hetleflåt til Kondis.

5 km-passeringane til Epland viser at det gjekk litt seinare siste halvdel, enten det var løypa eller steget som vart tyngre:

17.24 - 17.45 - 18.12 - 18.11

Like bra klarte ikkje Marius Vedvik å halde i hop løpet sitt. Etter ei frisk opning gjekk det stadig tyngre:

15.02 - 15.36 - 16.11 - 16.26

Dermed kom han eit godt stykke bak persen som han sette nettopp i Venloop for to år sia. Da sprang han på 1.04.15 medan det no vart 1.06.51.

- Tida var langt bak målsettinga, men eg var ikkje betre i dag, og første 5 km på 15.01 kosta meir enn venta. Eg ser framover mot meir trening og fleire spennande løp i årets sesong, skreiv Vedvik på Instagram etter løpet.

Tredje norske deltakar i Venloop var Robert Haast som vart nummer 44 i 60-årsklassen med 1.46.23. I alt fullførte 7926 løparar halvmaratonløpet. Det stod òg andre løpsdistansar og turmarsjar på programmet.

LES OGSÅ:
Pernilla Epland om bakgrunnen for de gode resultatene (medlemssak)
Tidenes beste halvmaratonår i kvinneklassen siden 1994? (medlemssak)

Pernille_Epland_og_Marius_Vedvik_20180325_135043.jpg


Pernilla Epland hadde ein god dag og persa med mest 2 minutt medan Marius Vedvik fekk det tungt og endte over 2 minutt bak persen. (Foto: Nils Hetleflåt)

Feltet_20180325_140131_006.jpg


Pernilla Epland har funni seg ein fin plass midt i feltet. (Foto: Nils Hetleflåt)

Kvinner
PltsNaamWoonplaatsCategBrutoNetto
1Nancy Jepkosgei KipropKeniaVsen01:07:4901:07:47
2Melat Yisak KejetaEthiopiëVsen01:08:4101:08:41
3Joy Kemuma LoyceKeniaVsen01:09:0201:09:00
4Perendis LekapanaKeniaVsen01:10:2001:10:18
5Maryanne WanjiruKeniaVsen01:11:1701:11:15
6Lucy KarimiKeniaVsen01:11:2401:11:21
7Andrea DeelstraHeerenveenVsen01:13:5801:13:57
8Pernilla EplandNoorwegenVsen01:15:1101:15:09
9Jacelyn GruppenHAC '63Vsen01:15:5101:15:48
10Liselotte van den BergAAV '36V3501:19:3701:19:32
Menn
PltsNaamWoonplaatsCategBrutoNetto
1Stephen KipropKeniaMsen59:44:0059:43:00
2Victor Kimutai ChumoKeniaMsen01:00:1001:00:09
3Abdallah Kibet MandeUgandaMsen01:00:1401:00:11
4Gilbert MasaiKeniaMsen01:00:1601:00:13
5John Kiprono LangatKeniaMsen01:00:2401:00:24
6Philip Kibungei TarbeiKeniaMsen01:00:4801:00:47
7Mousaab HadoutMarokkoMsen01:00:4801:00:47
8Edwin Kibet KiptooKeniaMsen01:00:5201:00:50
9Philemon K. LokediKeniaMsen01:01:2201:01:20
10Meshack Kiprop KoechKeniaMsen01:01:4101:01:39
...
25Marius VedvikNoorwegenMsen01:06:5101:06:49
1782Robert HaastOsloM6001:50:2001:46:23



Alle resultat

Powered by Labrador CMS