(Trykk på biletet for større utgåve)
Forberedelsane er godt i rute og veirgudane ser ut til å spele på lag til helga. I dameklassa er sterke navn som bl.a May Britt Buer, Merete Weng, Therese Sjursen påmeldt.
I herreklassa er det foreløpig ingen av dei store kanonane som er påmeldt foreløpig pr 3/7, så her er det ope kven som stikk av med førstepremien på kr 10.000.
Til saman vil deltakarane i konkurranseklassa vere med å kjempe om tilsaman kr 62.000 om løyperekordane blir slått. Alle klassevinnarar vert premiert med kr 500,- uansett antal deltakarar. Frå 35 år og oppover vert det konkurrert i 5-års klassar.
I år har vi også investert i ei elektronisk brikketidtakingsløysing levert av Quick Timing, så tidtakingsbiten vil bli enklare arrangementsmessig. Dei siste åra har omlag 100 konkurranseløparar og 400 mosjonistar deltatt i norges vestlegaste motbakkeløp.
Sjå heimesida vår for meir info: www.vetenlopet.no
Facebook
Vetenløpet 2011
Fjorårsvinnar Tuva Toftdahl Staver
Fersk vinnar av Egebergs ærespris, Odd-Bjørn Hjelmeset, har vunne to gonger her.