Arrangøren håpar at det som i fjor blir ny deltakarrekord. I fjor deltok 355 med 105 i konkurranseklassa. Arrangør Bjørghild Holien melder til Kondis.no at påmeldingsfristen til konkurranseklassa er utsett til 31. mai kl. 24.00, men etterpåmelding er mogeleg mot etterpåmeldigsgebyr kr. 50 fram til kl. 11.30 løpsdagen, dvs. ein time før start.
For meir info og påmelding sjå www.storehaugenopp.com
Løypa i Storehaugen Opp er 3,4 km lang med 900 høgdemeter mellom start og mål (908 moh). Dvs 26,5% gjennomsnittleg stigning. Det er bratt ! ,men då eg sprang ( les gjekk) gjennom løypa med Bjørghild 12. mai i år så var ikkje løypa så bratt som då eg deltok i løpet 13. mai i fjor ! Dessutan så må løpsunderlaget og løypa ha vorte mykje fastare og lettløpt ! Eg gler meg til ein praktfull OPPTUR i Lærdal 2. juli og spesielt til innspurten dei siste 100metrane der løypa stig 50% ! Bli med du også !

I fjor vann Asbjørn Berland frå Samnanger på tida 33,51 som er løyperekord. Han slo då Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve som seinare vann NM i motbakkeløp. I kvinneklassen vann Merethe Helgheim , Gloppen både i 09 og ifjor. Løyperekorden hennar er frå 2009 då ho vann på 41.18.
Nivået er m.a.o høgt, men arrangøren ønskjer også å få endå fleire mosjonistar som kan være på toppen og lage ei praktfull stemning når endå fleire konkurranseløparar kjem stormande i mål.
Arrangøren fristar med ei flott blå teknisk T-skjorte med motiv av varden og vimpelen på toppen som deltakarpremie til alle. Det er ellers særs god premiering med tredjedelspremiering i konkurranseklassane, gåvekort uttrekt på startnummer og premie for løpsrekord mann og kvinne.