Svinestrandløpet frå fjære til fjell! Løpet er eit motbakkeløp som startar i Sandane Sentrum, og målgang er på toppen av Svinestranda, 1074 moh. Underveis passerer ein Austrheimsstøylen, der det vert lagt opp til aktivitetar for born, og der det går an å køyre heilt fram.

Svinestrandløpet er første motbakkeløpet i Nordfjord i år, og det burde vere attraktivt å teste formen før dei store løpa som Storehesten Opp og Skåla skal takast.

Løpet er omlag 8 km, og vekslar mellom veg, skogsveg, bratt terreng og vanleg fjellterreng. Spektakulær oppstiging ved sida av Holvikfossen ovanfor Sandane Sentrum. Premiering på Austrheimsstøylen, etter at løparane er komne ned frå toppen. Konkurranseløparane må ha med sekk på 2,5 kg ved starten på Heradsplassen.

 


Merete Helgheim (biletet) har raskaste tid i dameklassen, og i herreklasse er det legendariske Jon Tvedt som har rekorden.
Svinestrandløpet i år er det sjette i rekka, og Fjellhug/Vereide il er arrangør.