Vignett-kondiskommentaren.jpg

Artikkelen har òg stått på trykk i Kondis nr. 1 - 2021.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.

Da vi i oppveksten min feira nyttårsaftan heime på garden på øya, var det alltid ei salme som vart sungen etter at grauten var eten, og før vi tok kvarandre i handa (dette var i ei tid da det enda var lov) og takka kvarandre for grauten og gammalåret. Salma var «Tiden svinner, tiden rinner, tiden flyr så hastig bort.»

Med sitt kristne innhald var den mest ei påminning om kor kort livet er samanlikna med æva – og at det vi trur og gjer no, vil få svært så store og langsiktige konsekvensar. Men uansett om ein trur på eit liv før eller etter dei dagane vi har fått her på jorda, så er både songen og nyttårsskiftet ei påminning om å bruke tida vel medan vi har ho.

Sett på vent

I fjor var det året da det meste vart sett på vent. Løp vart utsette. Bryllaup- og gebursdagsfeiringar måtte skuvast ut i tid. Verken 17. mai eller jul kunne feirast på tradisjonelt vis.

Andre ting vart avlyst heilt. Mange av løpa. Ferieturane. Fellestreningane. Festane. Konsertane. Treningsleirane. Rett og slett mykje av det som gir livet innhald og meining.

Dei fleste av oss tilpassa oss. Gjorde det beste ut av det. Sprang åleine eller med ein fast kamerat. Tok munnbindet på og reiste i nærmiljøet. Møttest på nettet. Brukte tida til å gjera ting vi elles ikkje ville ha gjort.

For andre var det verre å få eit år av livet detaljstyrt av statsministeren. Vi nekta å la oss munnbinde. Skreiv at vi ikkje skulle ta fridomen for gitt. For det kunne bli vanskeleg å få han tilbake om vi først gav han ifrå oss. Siterte Benjamin Franklin: «Den som er villig til å ofre fridommen sin for å ha det trygt ei stund, fortener verken fridom eller tryggleik.»

Tilpassingsdyktig

Eg skal ikkje seie kva som var og er rett og feil måte å møte den veldige omkalfatringa på. Det er bra å vera tilpassingsdyktig og fint å sjå nye høve når dei dørene vi vanlegvis går gjennom blir stengde.

Og samstundes ære vere til dei som ikkje finn seg i alt. Som ikkje godtek at styresmaktene skal styre liva våre med millimeterpresisjon. Som skjønner at dersom vi gir ifrå oss eit år, så kan det fort bli to, og til sist tenkjer vi som tigeren i dyrehagen at det er heilt normalt og veldig trygt å leva livet i bur. Eg får mat levert morgon og kveld, og om eg ikkje kan springe fritt, så kan eg iallfall tenkje fritt.

Men kan vi tenkje fritt, om vi ikkje kan springe fritt? For meg har dei to alltid vori nært kopla. Det er når eg er i rørsle tankane blir skylt reine og sett fri til kreativ innsats.

Og kven er vi utan flokken vår, den som Per Fugelli skreiv så fint om, den vi kan springe og prate og leike med?

Mangel på fridom

Kan hende fordi eg i første delen av livet mitt måtte kjempe for retten til både å drive idrett og til å ytre meg fritt, er begge deler ekstra verdifulle for meg. Om eg ikkje har levd i bur, så veit eg noko om både mangel på fridom og represaliar om ein ikkje gjer som dei store har bestemt.

Året 2021 har så vidt starta. Taksameteret går ikkje berre for Håvard Rem, det tikkar for oss alle. Om i fjor var det året vi lærte oss å vera tolmodige og lydige, så trur eg dette er det året vi må stå opp for fridommen og fellesskapet. Elles står vi i fare for å miste begge deler for godt.

Taksameteret går
Ikke tro at det står
Ikke vei dine valg
på drømmenes vekt
Ikke vent med å elske
til alt er perfekt

Ditt liv er i gang
Taksameteret går
Universet har ventet
millioner av år
Og nå er det skjedd:
Hjertet ditt slår

Du tror du kan vente
Du trenger litt tid
Men taksameteret går
Det er alt jeg kan si
Ditt liv er i gang
Det er tidsnok forbi

Håvard Rem
 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.


Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957