I Bjarte Viks Eliteløp definerer ein alle på startstreken som eliteløparar. Kanskje er det med på at løparane hevar seg det vesle ekstra, slik at resultatlista blir hyggjeleg lesnad både for deltakarane sjølve og dei som er opptekne av tider og prestasjonar. Å vinna eit eliteløp må vera ekstra stas, og sjeldan har vinnarane vunne med så stor margin som i den tolvte utgåva av dette årvisse haustløpet mellom Vik og Bruvik. Etter løpet vart Terje Aggvin (Gular IL) og Hilde Aasheim (Osterøy IL) uttekne på det norske landslaget til Nordisk meisterskap i terrengløp i Trondheim.
Sjeldan er Bruvikstranda vakrare enn når eliteløparane kvart haust kappspring innover den smale og svingete vegen mot den vesle bygda Bruvik på Osterøy. I år som i fjor skein sola, men litt motvind og få plussgrader gjorde at dei fleste beheldt supertrøya på. Som venta sprang gularløpar og varaldsøybonde Terje Aggvin raskt opp i tet. Berre Fri-junioren Jaad Orten hengde seg frekk og freidig på den første relativt lette kilometeren. Jaad, med vekegamal 800m-pers på 1.56, slapp etterkvart ryggen til rutinerte Aggvin, men gjekk aldri på ein skikkeleg smell. Kobbelet av jaktande ulvar kom aldri nærmare enn 20 meter, og i mål var arrangørklubbens eigen Bjarte Vik seks sekund bak unge Orten. Vareggjunior Eirik Vestrheim gjorde eit kanonløp og snuste på ein tredjeplass rundt halvannan kilometer før målseglet. I mål vart det nokre sekund fram til Vik på tredjeplass, men Vestrheim avgjorde spurtduellen med Terje Simmenes til sin fordel.
Terje Aggvin har frå før på 14.23 frå 2007, men då kjempa han mot løyperekordinnehavar Morten Velde og Kjetil Foss Angeltvedt. Tida hans på 14.31 er såleis ein sterk prestasjon i løypa som er målt til 5046 meter. Også litt bakover i feltet var det sterke prestasjonar med fleire som sette løypepers, trass i ein litt sur motvind. Publikum fekk oppleva fleire spennande spurtoppgjer.
I kvinneklassen var Hilde Aasheim endå meir suveren enn Terje Aggvin var i herreklassen. Ho persa med 41 sekund og fekk tida 16.51. Til samanlikning har Osterøy ILs Brit-Helen Simmenes ei bestetid på 16.38 i løypa der folk spring om lag like fort som dei gjer på ein 5000m bane. Elise Orten frå IL Fri gjorde også eit solid løp med 18.24 og bør vera i rute før New York Marathon første helga i november. Bronsevinnar Bente R. Midtun frå Osterøy IL var med sine 19.01 nær ved å sjå 18-talet.
Resultat Bjarte Viks Eliteløp (5046m) 16.10.2010.
Arr. Osterøy IL/Friidrett og Bruvik IL
45 deltakarar
lettskya/sol, +8 svak motvind
Sjå mange bilete frå løpet på sidene til Osterøy IL.
Resultatliste:
Hilde Aasheim 16.51
Elise Orten 18.24
Bente R Midtun 19.01
Norunn Vik Larsen. 19.45
Marianne Haukøy 20.25
Nina Johannesen 20.51
Hanne Liland 21.05
Eva Quivey 23.29
Randi Kleppe 25.11
Terje Aggvin 14.31
Jaad Orten 15.28
Bjarte Vik 15.34
Eirik Vestrheim 15.46
Terje Simmenes 15.47
Christer Vonheim 15.56
Sigbjørn Reigstad 16.23
Kjell Raa 16.24
Kjetil Dyrvik 16.36
Christoffer Søbstad 16.37
Jan Roar Solberg 16.37
Josef Zigmuntowicq 16.50
Øystein Hanstveit 17.32
Knut Grove 17.33
Ove Bernes 17.34
Brynjulf Vonen 17.35
Inge Haukøy 17.58
Christian Holter 18.23
Maarten Bolting 18.35
Gunnar Knutsem 18.37
Petter H Sæbø 18.55
Espen Ellefsen 19.04
Øyvind Reigstad 19.07
Bård Storebø 19.17
Magne Vikne 19.41
Bjarte Lohne 19.49
Jostein Hesjedal 21.38
Arve Henningsen 21.45
Helge Bernes 21.55
Geir Atle Mjelde 21.56
Hans Magnus Haukøy 22.17
Jan Hesjedal 24.33
Knut Huseby 25.07
Andreas Mjelde 25.20
Arild Fotland 26.06
Kristoffer Vikne 27.52