Thorbjørn Ludvigsen vant Vetenløpet og tok vandrepokalen

Raskest til topps i motbakkeløpet, som blir arrangert i Bremanger i Sogn og Fjordane, ble Thorbjørn Thorsen Ludvigsen, Skanska på tiden 27,06, og han ble dermed første herreløper som tok vandrepokalen til odel og eige. Beste kvinne ble May Britt Buer, Gular IL på 32,56, og hun står nå med fire seire i Vetenløpet.


Vetenløpet 1 (Jan Petter Venøy).jpg
Fra starten av løpet. (Foto: Jan Petter Venøy)
 

Kondis har fått denne rapporten fra arrangøren, Bremanger IL:

Førhandspåmeldingane var relativt beskjedne fredag kveld, men når lørdagen kom og sola nesten var igjennom, auka påmeldingstalet til 333, av desse 78 i konkurranse (74 fullførande). Dette er eit av dei åra med dårlegast deltaking dei 13 åra Vetenløpet har vore arrangert.

Thorbjørn Thorsen Ludvigsen var storfavoritt, men pga. av ei forkjøling var han usikker på forma før start. Målet var å ta løyperekorden til John Sompol på 25,28 men den var ikkje innan rekkevidde denne gongen. Men tida på 27,06 heldt til ein relativt klar siger framfor Joel Dyrhovden, Samnanger IL på 28,26 og Sondre Øvre-Helland, Viking på 29,57. Ludvigsen vart historisk i Vetenløp-samanheng med å verte den første vinnaren av vandrepokalen i herreklassen med hat-trick (2015-2016-2017).


Vetenløpet 2 (Jan Petter Venøy).jpg
Joel Dyrhovden har her tatt teten, tett fulgt av Thorbjørn Ludvigsen. (Foto: Jan Petter Venøy)


I dameklassa vart det også favorittsiger til May Britt Buer som tok ein overlegen førsteplass på den sterke tida 32,56 i ei løype som var prega av mykje regn i det siste. Buer tangerte med dette Merete Helgheim sine 4 sigrar i Vetenløpet. På andre plass kom Therese Sjursen, BFG Bergen Løpeklubb på 35,26 og tredje dame i mål vart Christina Ellefsen Hopland, Varegg Fleridrett på 36 blank.


Vinner kvinneklassen_May Britt Buer (Gisle Skjølberg).jpg
Vinner av kvinneklassen ble May Britt Buer. (Foto: Gisle Skjølberg)
 

Arrangementet gjekk flott og Svelgen Røde Kors hadde ein roleg dag på jobb. Som alltid stod alle dei trufaste mosjonistane i målområdet på Veten og jubla konkurransedeltakarane i mål, og sørga for reine Tour de France-stemninga.

Nytt av året var kick-off fredagskvelden med Thorbjørn Ludvigsen og Amanda Nygård som tok for seg trening, kosthold og folkehelse. Dette slo godt an og vert truleg vidareført neste år.

Sjølv med litt lågare deltaking enn vi hadde håpa på, er vi som arrangør godt fornøgdt med det trettande Vetenløpet. Takk til alle sponsorar, frivillige, deltakarar og Røde Kors.


Vetenløpet 3 (Jan Petter Venøy).jpg
Vetenløpet starter på Grotlesanden, og de første hundre meterne går i flatt terreng før løperne tar fatt på den første lange, harde motbakken. (Foto: Jan Petter Venøy)

Flere bilder på arrangørens Facebookside.


Alle resultater

Arrangørens Facebookside