Av pressemelding
Program for dagen
09:00 Opning av sekretariatet med etterpåmelding og henting av startnummer
09:00 – 12:00 Start mosjonsklasse
12:00 Start konkurranseklasse
15:00 Premieutdeling
Påmeldingsfrist
Konkurranseklasse: Laurdag 29. juni 2019 kl.23:59. Bruk skjemaet på Trollenykjen si eiga heimeside: http://trollenykjen.no/
Etterpåmelding ved sekreterat inntil 1 time før start.
Mosjonsklasse: påmelding fram til start.
Pris
Konkurranseklasse Kr 200 pr deltakar ved nettpåmelding før løpsdag (lisens på 30 kr kjem i tillegg).
Kr 300 pr deltakar ved påmelding løpsdagen (lisens på 30 kr kjem i tillegg).
Mosjonsklasse
Kr 100 for vaksne (lisens på 30 kr kjem i tillegg).
Kr 50 for barn (lisens på 30 kr kjem i tillegg). Kr 250 i familiekontingent (lisensar for kvar deltakar kjem i tillegg).
Eid IL-skigruppa ønskjer å vere ein positiv bidragsyter innan folkehelse, og vil difor gi pengane vi får inn på startkontingent i mosjonsklassa til organisasjonen Aktiv mot kreft.
Nytt for året er lagkonkurranse:
Kvart lag må bestå av tre personar av same kjønn. Vi konkurrera med reine dame- og herrelag, ikkje mix. Alle som deltek i lagkonkurransen er også med individuelt. Bruk Trollenykjen Opp si heimeside (trollenykjen.no) for påmelding. Vil du delta i lagkonkurransen må du først melde deg på individuelt, så sender du lagoppsett og lagnamn på e-post til: kenneth_vedvik@hotmail.com
Krav til konkurransedeltakarane
Alle som deltek i konkurranseklassane skal ha sekk som veg minimum 2 kg på ryggen. Denne må innehalde nødvendig kle og mat. Stavar er forbode.
Premiering
Alle deltakarar i både konkurranse- og mosjonsklassa får medalje på toppen og er med i trekninga av fine gåvepremiar på permieutdelinga. Det blir 100% premiering i klassane D/M 12-13, D/M 14-15 og D/M 16-17, 1/3 premiering i dei andre konkurranseklassane og pengepremiar til dei 3 beste mennene og damene (kr 1 000 - kr 600 - kr 400). I tillegg blir ny løyperekord for både menn og damer premiert med kr 5 000. Dei tre beste herre- og damelaga blir premiert.

Trollenykjen Opp søndag 30. juni for tiande gong
Søndag 30. juni blir motbakkeløpet Trollenykjen Opp arrangert for tiande gong. Løypa på ca 4 km er som "Skåla opp" trasèen i kortversjon med start på 10 m.o.h og mål på 898 m.o.h.
Trollenykjen Opp er løp nummer tre i SFE-motbakkecup. Molda Opp, Svinestranda Opp og Troda Opp er dei andre løpa som er med i cupen.
Kondis saken for løpet i 2018 der Lars Åkernes Rimereit og Karoline Holsen Kyte vant.
Siste medlemssaker
Annonse