7543 m rundt vakre Litledalsvatnet i Etne i Sunnhordland. Ta av 7 km av frå E-134. Start og mål er ved kraftstasjonen i Litledalen for alle løp. 850 m barneløp, 1.8 km utan tidtaking, og hovudløpet 7543 m med passeringstid etter 5 km. Løypa er kontrollmålt og sertifisert av Kondis sin flinke løypemålar, Ingolf Dale.
Påmelding
Påmelding via EQTIMING For Kondis-medlemmer er det kr 40 i rabatt!
1.7 - 14. 7. kr 250,-
15.7. kr 350,-
Som dei fleste arrangørar, vil ein helst ikkje ha fullt stress på løpsdagen. Difor er det supert om flest mogeleg melder seg på i god tid. Ein skal ha kaffi, kaker, startnummer og brikker til alle.
Men dei som betalar på løpsdagen er sjølvsagt også hjarteleg velkomne.
Løp med eigen song
https://www.facebook.com/naseviser.kulturprogram/videos/1110541658997624/
KORT VEG TIL ETNE
Frå Haugesund 60 km
Frå Stavanger 120 km
Frå Bergen 170 km
Frå Skien 310 km
Frå Kongsberg 315 km
Frå Kristiansand 370 km
Frå Oslo 400 km
Sterke felt i 2016
Herrepallen med Ørjan Grønnevig, Urige Buta og Martin Finne fortel at løpet var attraktivt for gode løparar. Urige Buta har fem år blitt kåra som Norges beste løpar. Ørjan Grønnevig har 6 NM-titlar i lange løp (5000 m, 10.000 m, halvmaraton og terrengløp).
Og for damene også tre sterke løparar på pallen: Maryna Novik (1.19.09 og løyperekord i Haugesund Halvmaraton i 2017), Elin Steinsbø Fylkesnes (også kjend som ein av dei beste temposyklistane i Norge) og etnejenta Marianne Vevatne.
Les reportasjen fra 2016: Novik og Grønnevig med flotte løp i det fyrste "Vatnet Rundt" i Etne
Løyperordpremien på kr 2500,-
Kvinner: Maryna Novik, IF Klypetussen 27.19
Menn: Ørjan Grønnevig, Stavanger-Friidrett 22.40
1. premie: kr 3000,- inn på konto
2. premie: kr 1500,-
3. premie: kr 1000,-
Men også mosjonistane kan vinna flotte premiar.
Hovudtrekkjepremien er kr 5000,-
Kjekke sponsorar:
På nytt målsegl:
Tungesvikhytten
Sport1 Etne senter
Komplett Utemiljø, Tysvær
På plakat/flyer:
Extra, Etne
A1 Grafisk Medvind næringshage, Ølensvåg
Tidlegstart
Alle som trur dei spring under 60 minutt på 7.5 km, bør starta i hovudstarten kl 14.00. Men har ein med familiemedlemmar på ferie som vil ta det litt rolegare, så er det tidlegstart kl 13.00. Men me tek tida på samtlege i langløypa. For folk som vil vera med, få seg kunstnardiplom og vera med på trekkjinga har Etne Oppleving ein kortversjon på ca 1.8 km utan tidtaking. Dei betalar same startkontingent som då er eit lodd i trekkjinga av dei flotte premiane.
Eigen song og løypevideo
Kunstnaren Jimmy Næs har laga flott song til fyrste "Vatnet Rundt",. Videoen er godt illustrert med flotte bilete av fotokunstnaren Sonja Maria Høyland. På facebook-sida "Vatnet Rundt/Around The Lake" finn du songen og ein fin video frå heile løypa som Svein Egil Økland har laga for løpet.
Tidlegare omtale
http://www.kondis.no/admin/search.php?bounceartid=5889372
41 jenter og 51 gutar sprang hovudløpet "Vatnet Rundt" fyrste gong det vart arrangert i 2016. Nokre sprang styggfort! Foto: Sellevold/Kondis
Ordførar Siri Klokkerstuen bidro til gje "Vatnet Rundt" ein god start og offisiell status då ho "opna" løpet.
Harald Orvedal har passert 90 og jobba på kraftverket i alle år. Han stilte med oldebarnet og fullførte kortløypa i fin stil.

Vatnet Rundt: flott ferieløp i Etne med store premiar
7543 m rundt vakre Litledalsvatnet lørdag 15. juli. Premiane er mange og store. Vinn ein og set løyperekord attåt, får ein kr 5500,- på konto.
Alle som deltek i barneløpet får medalje og alle deltakarar får kunstnardiplom. I tillegg trekkjer arrangøren ut mange premiar. Hovudpremien er kr 5000,- som trekkes ut blant alle deltakarane. Andre trekkjepremiar er Hardanger Bestikk til kr 1600,-, flotte krystallglas frå Ungarn og mykje anna fint.
Alle som deltek i barneløpet får medalje og alle deltakarar får kunstnardiplom. I tillegg trekkjer arrangøren ut mange premiar. Hovudpremien er kr 5000,- som trekkes ut blant alle deltakarane. Andre trekkjepremiar er Hardanger Bestikk til kr 1600,-, flotte krystallglas frå Ungarn og mykje anna fint.
Siste medlemssaker
Annonse