Invitasjon fra Fjellhug/Vereide il, friidrett;

Laurdag 23. juni, på sjølve jonsokafta, er det duka for det 14. Svinestranda Opp. Som vanleg er det start i Sandane sentrum kl 12.00, og målgangen er på 1074 moh om lag 50 minutt seinare. 

I 2017 vart det nye løyperekordar både i dame- og herreklassen, og rekordane no tilhøyrer Johan Bugge, Eidsvåg il (48,58) og Karoline Holsen Kyte, Førde il (56,36).  Løypa er om lag 7 km.

Arrangøren ventar god deltaking også i år, sidan løypetraseen får svært god omtale av motbakkeløparane.  Tilbakemeldingane tilseier at dette er eitt av dei finaste motbakkeløpa dei er med på, der oppstiginga frå Sandane, og premieutdelinga på Austrheimstøylen vert trekte fram.

Det er pengepremiar til dei fire beste i dame og herreklassen, og ekstrapremie om det vert løyperekord.  Det er også vanleg tredjedels premiering i alle klassane, der vi har fått fine gåvepremiar frå næringslivet i Gloppen.

Det er også mosjonsklasse på Svinestranda Opp, der ein registrerer seg på Austrheimstøylen, enten ein startar i sentrum, eller på støylen. Distansane for mosjonistane er valfri. Alle desse får deltakarmedaljer.

I år er ein spente på kva underlaget i byrjinga av traseen har å seie for sluttresultatet.  I dei bratte partia opp frå Sandane har sherpaer frå Nepal bygt flotte trapper.  Dette gjer det ikkje minst dei brattaste kneikane tryggare.  Ein sving i løypa der ein kjem inn på støylsvegen er også kutta litt i, så alt ligg an til ny løyperekord i år.

Svinestranda Opp er det første av fire løp i SFE motbakkekarusell, der det vankar pengepremiar mellom dei som har tre av løpa.

Heimesida for løpet gjev elles informasjon om arrangementet.

- Vi ønskjer alle velkomne til Gloppen og Svinestranda Opp 2018, seier Dagfinn Nyhammer, leiar i Fjellhug/Vereide il, friidrett.

IMG_9771 - Kopi[1].JPG
Starten, med vinnar i dameklasse, Karoline Holsen Kyte i tet. Foto: Arrangør.

Foto - Svein Hauge (19)_640x424.jpg
Johan Bugge med Stian Øvergaard Aarvik på hjul, under fjorårets Svinestranda Opp.  Foto: Svein Hauge.

Topp 3 herrer.jpg
Raskeste herrer i 2017. Stian Øvergaard Aarvik, Johan Bugge og Torstein Tengsareid. Foto : Torun Øvergaard Aarvik

topp 3 kvinner.jpg
Raskeste damer i 2017. Anita Iversen Lilleskare, Karoline Holsen Kyte og Eli Anne Dvergsdal.  Foto : Torun Øvergaard Aarvik