Austevollsløpet har vore arrangert mange stader rundt i kommunen, dei siste åra over Austevollsbrua til Austevoll Idrettsanlegg. I år blir det både start og mål på Austevoll Idrettsanlegg.

Me vil nytta høve til å få vist fram det nye flotte anlegget vårt. Samstundes vil me følgja nye trendar med kontrolloppmåla og godkjend løype som er nøyaktig 5 km. Løypa er sjølvsagt så flat som mogeleg, berre ein total høgdeforskjell på 41m. Me vonar at dette vil freista ein del resarar til å ta turen til Austevoll.

Me har desse klassane:
J/G 10 tom 14 år
Ungdom J/G 15 tom 19 år
Damer / Herrar 20 tom 34 år
Veteran D/H 35 tom 64 år
Veteranar Ekstra Moden D/H 65+
MOSJONSKLASSE.

Garderobar er tilgjengeleg  i Austevollhallen


Austevollsl¢pet 1994. Startar og premieutdelar Gerard Heiberg.jpgFrå løpet i 1994 der Gerard Heiberg var både startar og premieutdelar. Ikkje ukjente på 1990-tallet Nils Engevik i tet.

 

Påmelding kan gjerast på EQTIMING. Her er linken:

https://signup.eqtiming.com/paamelding/g295.33591?event=austevoll_lopet

Me oppfordrar alle til å melda seg på på førehand, men det er og mogeleg å melda seg på same dagen frå kl 11.00 på Austevoll Idrettsanlegg.

Startkontingent er 50 kr. for born tom 14 år og 100 for alle andre. + 30 kr adm. avgift for Eqtiming  og eventuell ei eingongsavgift på lisens.

Flotte premiar til dei 3 beste i klassane, J/G, Ungdom J/G, Damer / Herrar og vinnarane i Veteran  og Veteran Ekstra moden.

Alle 14 år og yngre får fine deltakarmedaljar.

Mange flotte premiar vert trekte på startnummer, blant anna hotellovernatting for 2 med frukost, middag på eksklusiv restaurant og mykje meir.

Premieutdelinga skjer i det sosiale rom i Austevollhallen der ein og kan kjøpa god sjømat frå Lerøy og mykje anna godt. Med andre ord kan du nyta ein eksklusiv lunsj med eventuelt familie og andre deltakarar.

KART AL.jpg
Løypekart over den nye løypa som er kontrollmålt til 5 km