Rekordløp utan rekord

Kvinnene i første rekke. Det var mange unge jenter på startstreken. Foto: Olav Samland
Kvinnene i første rekke. Det var mange unge jenter på startstreken. Foto: Olav Samland

Vilde Våge Henriksen sekundet bak eigen rekord i Bjørkeklubben Over

«Bjørkeklubben Over» i medvind! Sol, 17 gradar, men og lett motvind. Vilde Våge Henriksen kom, så og vann i andre påskedagsløpet i vakre Stordalen i Etne kommune. 1260 m langs Stordalsvatnet. Ein hump/«klubb» der vegen går opp til garden Bjørk etter 700 m reduserer farten ein god del. Dei siste ca 400 m er svak motbakke. Når ein så får motvind i heile eller delar av løypa, så gir det sjølvsagt utslag på slutt-tida.95 glade deltakarar frå 95 år ned til babystadiet. 95-åringen står oppført på tur, men brukte berre ca 23 minutt - utan å ta seg ut. 96 år i juli....

Publisert Sist oppdatert

Vilde Våge Henriksen frå Haugesund IL, nyleg bronsemedaljør i NM terrengløp, var i fjor fyrste jente som klarte under 4 minutt på dei 1260 metrane langs Stordalsvatnet. 3.59. I år kom ho i mål på 4.00, eitt fattig sekund. Men i år var det motvind, og det utgjer mange sekund, så dette var på ein måte eit rekordløp likevel. Nummer to blant jentene, Kristine Alne, persa seg med 6 sekund til 4.21. Victoria Lindgren på tredje plass med heile 17 sekund til 4.37. Rett bak dei tre kom Hedda Opsøen 4.38. Alle frå Haugesund IL.
Beste lokale jente, Inger Konstanse Lunde frå Etne IL, gjorde eit veldig bra løp. Ho er eigentleg sprintar, så då var det ekstra kjekt at ho stilte opp!

Trond Olav Halvorsen, også han frå Haugesund IL, vann også for andre gong. Persen også for han er litt betre frå tidlegare, men også denne gongen eit strålande løp på 3.48. På andre plass Aleksander Stene Krogh, Sk Vard med 4.12, og nr tre løyperekordhaldar Johannes Alne med 4.13. Etter mykje tid i lembinga på garden heime i Haugesund, tok han det litt piano i starten, før han plukka opp konkurrentar inn mot mål. Sekundet bak Johannes Alne kom arrangør Tor Arne Sandvik, følgd av klubbkamerat Nils Saltnes eitt sekund bak han igjen. Men dette er eit mosjonløp og yngste herreløpar Erik Samland Tendal 10 år og eldste Olav Svendsen 69 år, så då bør ein ikkje samanlikna, men seia at dei var alle dyktige.

Rekord-deltaking i «Litla-klubben»
26 born under 14 år fullførte barneløpet på tid frå toppen av Bjørkeklubben og inn til mål. I tillegg var det tre/fire til i same alder som fullførte langløypa på tid. Så mange unge har aldri deteke på løp i regi av IF Klypetussen. Veldig gledeleg!

Bidraget frå Haugesund IL med etneguten Kåre Osnes, er tilskiparen IF Klypetussen veldig glad og takksam for. Som hr Osnes sa det… `I gamle dagar hadde me Gateløpet i Ølen andre påskedag, no passar dette inn som inngang til sesongen.`Han trudde dei ville koma attende også i 2020.

Etne IL stilte opp med stor tropp, og var med på å laga ein veldig flott atmosfære i sol og lett vind.

I alt 95 deltakarar var nestflest deltakarar i løpet av dei 55 løpa som har vært arrangert fra 1983 til 2019.

Start_barn_Bjoerkekl_960_IMG_4572.jpg

Alle bileta: Olav Samland

Rekordstort startfelt i barneløpet. Mange glade born.

Bjoerkekl_Vilde_Vaage_Henriksen_IMG_4576_960.jpg


IF Klypetussen er glad for stor deltaking, men også når det kjem storløparar som Vilde Våge Henriksen.

Bjoerkekl_Vinnerne_IMG_4603_960_.jpg


Vinnarane av "Bjørkeklubben Over" 2019: Vilde Våge Henriksen og Trond Olav Halvorsen. Begge vann sitt andre "Bjørkeklubben Over".

BJØRKEKLUBBEN OVER - 22. april 2019
VÆRFORHOLD: Ca 17* - Svak mottrekk
27 løparar, 26 barneløparar og 41 trimmarar - totalt 94 deltakere.
Kvinner1.Vilde Våge HenriksenHaugesund IL4.00 min
2.Kristine AlneHaugesund IL4.21 min
3.Victoria LindgrenHaugesund IL4.37 min
4.Hedda OpsøenHaugesund IL4.38 min
5.Inger Konstanse E. LundeEtne IL5.28 min*
6.Minna Molnes NielsenEtne IL6.31 minGull
7.Signe RullestadEtne IL7.09 minGull
8.Anna ReisoEtne IL7.43 minSølv
9.Malin V. BeckerEtne IL8.26 minSølv
Menn1.Trond Olav HalvorsenHaugesund IL3.48 min
2.Aleksander Stene KroghSK Vard 4.12 min*
3.Johannes AlneHaugesund IL4.13 min
4.Tor Arne SandvikIF Klypetussen4.14 min
5.Nils SaltnesIF Klypetussen4.16 min
6.Ørjan LøhaugenIF Klypetussen4.28 min
7.Torstein SkjoldIF Klypetussen4.29 min
7.Torbjørn ReisoIF Klypetussen4.29 min
9.Kjell Andreas LindgrenNedstrand IL4.30 min
10.Jon Helge LindgrenHaugesund IL4.45 min
11.Andreas BjørgenEtne IL4.54 min*
11.Thorbjørn SamlandIF Klypetussen4.54 minFunksj.
13.Magne BergeIF Klypetussen4.57 min
14.Erik Samland TendalIF Klypetussen5.04 min*
15.Eirik SildeEtne IL5.08 min*
16.Kristian LindgrenHaugesund IL5.18 min
17.Harald MågeIF Klypetussen5.45 min
18.Olav SvendsenIF Klypetussen6.20 min
Barneløp: Anine KaldheimEtne IL2.58 minBronse
Eline EkornrudEtne IL2.23 minSølv
Ella Molnes NielsenEtne IL2.01 minGull
Henny LitlehamarIF Klypetussen4.42 minSølv
Henrik StopleIL Skjoldar2.04 minBronse
Inger RullestadEtne IL2.05 minGull
Joachim BeckerEtne IL2.15 minBronse
Johanna G. SævareidIF Klypetussen1.48 min
Johanne LøhaugenEtne IL2.22 minSølv
Klara Svendsen HaugEtne IL3.26 minSølv
Kristine JacobsenEtne IL4.09 minBronse
Liam Heggelund 2.23 minBronse
Lilja Madelen HeggelundEtne IL2.27 minBronse
Line Birgitte S. FretteIF Klypetussen3.55 minSølv
Linn SildeEtne IL2.12 minSølv
Lukas TendalEtne IL2.10 minBronse
Magnus Reiso 2.40 minSølv
Marius TendalEtne IL3.06 minBronse
Marte Frette 3.31 minSølv
Maya TendalEtne IL3.20 minBronse
Mirabella LindgrenHaugesund IL2.37 min
Nikolai TendalEtne IL1.44 minSølv
Olai Alne Gjellestad 5.17 minBronse
Peter Molnes NielsenEtne IL4.09 minGull
Sigurd LøhaugenEtne IL3.13 minBronse
Vera Haug Saltnes 3.26 minBronse
TUR:1.Sigrid Øvernes21. Johannes Silde
2.Ingunn Frette22. Ivar Halvorsen
3.Lillian Frette Litlehamar23. Brita Halvorsen
4.Gisle Sellevold24. Tore Halvorsen
5.Per Henning Sævareid25. Ragnhild Alne
6.Chrisitan Haug26. Knut A. Leknes
7.Marit Svendsen27. Jan Eirik Jensen
8.Arne Svendsen Haug28. Gurine Jensen
9.Kari Svendsen29. Jon Magnar Jensen
10.Jan Udstuen30. Knut Lunde
11.Karen Udstuen31. Valborg Lunde
12.Gunnar Løhaugen32. Sveinung Steine
13.Bjørg Løhaugen33. Sunniva Steine
14.Kari Alne34. Tonje Åkre Stålesen
15.Ola Alne35. Anne Jorunn Lindevik
16.Katrine Rullestad36. Elin Udstuen
17.Thomas Rullestad37. Tove Samland
18.Ingvald Rullestad38. Ragnfrid Samland
19.Angelica Becker39. Reinert Frette
20.Torvald Becker40. Ole Johannes Rullestad
41. Olav Samland
42. Tor Audun Hervig


Alle tiders-statistikk oppdatert etter mandagens løp:

Bjørkeklubben Over - bestetider 1983 - 2019 - kvinner
1Vilde Våge HenriksenHaugesund IL3.59 min2018
2Miriam BergHovdaHaugesund IL4.08 min2004
3Maryna NovikIF Klypetussen4.17 min2018
4Kristine.AlneHaugesund IL4.21 min2019
5BarbroRamstadHaugesund IL4.28 min2003
6Britt RandiStokkevågIF Klypetussen4.31 min1989
7Elin RameIF Klypetussen4.35 min1988
8OlivEngeIF Klypetussen4.37 min1988
8VictoriaLindgrenHaugesund IL4.37 min2019
10HeddaOpsøenHaugesund IL4.38 min2019
11Kristine G.FatlandIF Klypetussen4.45 min1994
12ElisabethMatreSkånevik IL4.57 min1996
13JoridMyrsetIF Klypetussen4.58 min1993
14MindaHegerlandIF Klypetussen5.00 min1990
Bjørkeklubben Over - bestetider menn - 1983 - 2019 - menn
1.JohannesAlneÅs IL3.28 min2001
2.Kjetil EidhammerSveio IL3.32 min1990
3.Knut ErikRameIF Klypetussen3.33 min1990
4..OlavSamlandIF Klypetussen3.34 min1990
5.TedrosHaileHaugesund IL3.36 min2018
6.TerjeAggvinIL Gular3.39 min2014
7.AndreasAuneEtne IL3.40 min1992
7.TerjeHålandIF Klypetussen3.40 min1992
9.Per RuneKolåsIF Klypetussen3.41 min1994
10.Trond OlavHalvorsenHaugesund IL3.44 min2018
11.JonMolnesEtne IL3.46 min1987
11.GeirGjerdeVindafjord IL3.46 min1991
Powered by Labrador CMS