Av pressemelding - flere bilder på facebooksiden til Galdane Rundt

Friidrettsgruppa i Lærdal IL arrangerte Galdane Rundt for 10. gong laurdag 17.september.

Galdane Rundt går på deler av "kongevegen over Filefjell" i ei fin, kuppert rundløype på 8,7 km  i flotte omgjevnadar.

Deltakinga var veldig bra og totalt 160 deltakarar var med. 100 personar gjekk i mosjonsklassa og desse fekk flott medalje etter målgang. Veldig gledeleg at mange familiar med ungar var med, samtidig som pensjonistar og deltakarar  kjem att kvart år. Her var både lensmann og prest med.

60 sprang på tid  og det var gode tider, harde duellar og ei blanding av nye og tidlegare deltakarar. Det var optimale forhold å springe i , tørre forhold, overskya og fint haustvær.I mål var det berre glade utøvarar og dei  skrytte av løypa og arrangementet . 

Totalvinnar vart Reidar Austrheim, studentspretten i Sogndal på tida 32:43 minutt. Han tok buss til Lærdalsøyri og sykla 17 km frå Øyri  til start som oppvarming. Nr 2 vart Ola Jordheim, Hemsedal IL 33:18 min. Tredjemann vart Ørjan Skilbrei, Lærdal IL på 35:10 min

Dameklassa var vunnen av Sunniva Skuset, Førde Grillklubb på tida 39:29 min, Marte Garvik, Vestre Slidre IL vart andre beste på 44:23 minutt. Tredje beste dame vart Åslaug Golf Kaardal, Lærdal IL 45:02 min . Ho vann dei to fyrste åra me arrangerte.

Mest imponerande var kanskje dei to 9 åringane i yngre rekrutt. Victor Larsen sprang på 48:26 min  og smilet gjekk heilt rundt på han i mål. Klassekameraten Fredrik Østergren sprang på 56 minutt.  Dei spring for Lærdal IL. Dette lovar bra for komande år!

Det var premie til klassevinnarane samt medalje til alle.

10 kl hadde kiosk med sal av kaffi, pølser, vaflar og kaker. Inntekta går til klassetur.

Tusen takk til alle som deltok i dag og vel møtt til Norges finaste terrengløp neste år!

Bjørghild Holien, leiar i Friidrettsgruppa i Lærdal IL

Resultater (topp 3)

Plass Navn Klubb Tid
Menn
1 Reidar Austrheim Studentspretten 32:43.2
2 Ola Jordheim Hemsedal IL 33:18.0
3 Ørjan Skilbrei Lærdal IL 35:10.0
Kvinner
1 Sunniva Skuset Førde Grillklubb 39:29.1
2 Marte Garvik Vestre Slidre IL 44:23.7
3 Åslaug Golf Kaardal Lærdal Il/Tråve Team 45:02.6

Alle resultater