Pressemelding frå Necon Motbakkecup:

Dette vart sluttstillinga i cupen, der maks seks av sju løp er poenggjevande:

Menn 
1. Thorbjørn Thorsen Ludvigsen   BFG-Fana  580
2. Torstein Tengsareid Skjalg IL 495
3. Tomas Bereket Larvik Turn 440
4. Johan Bugge Eidsvåg Il 420
5. Stian Hovind-Angermund Varegg 405
Damer
1. May Britt Buer Gular IL 590
2. Merete Weng IL i BUL 530
3. May Bente Weng IL i BUL 515
4. Therese Sjursen BFG FANA 470
5. Merete Helgheim Gloppen FIL   435

I dameklassa har Buer vore best gjennom heile sesongen. Ho har kun blitt slått av Heidi Weng som kun deltok i eitt av norgescupløpa. Søster Merete Weng vann løpet Buer ikkje stilte opp i, elles har det blitt mange 2. og 3.plasser. Mamma May Bente Weng sikra 3.plassen i motbakkecupen med ei sterk plassering i Nuten Opp.

I herreklassa i cupen har Ludvigsen og Tomas Bereket bytta på å vinne løpa gjennom sesongen. Før Nuten Opp hadde Bereket sprunge eitt løp mindre enn Ludvigsen og hadde i realiteten ingen mulighet til å vinne cupen. Bereket deltok i Fanaråken Opp dagen før Nuten Opp, eit løp som han også vann! Ei svært tøff oppkøyring til Nuten Opp, likevel fekk Bereket 11.beste tid i Nuten Opp og nok poeng til å sikre 3.plassen i norgescupen.

Premiane til vinnarane av NECON motbakkecup::
1. premie: 15 000.-
2. premie: 10 000,-
3. premie: 5 000,-

Prestasjonane i cupen vil danne grunnlag for uttaket til VM i motbakkeløp i Italia i september


Foto: Oddny Ringheim
May Britt Buer på toppen av Malmangernuten etter at ho sette løyperekord, vart norgesmeister og vann NECON motbakkecup.


NECON motbakkecup har også ei innlagt juniorklasse (U23). Der vart sluttpoenga slik:

Jenter
1. Karoline Holsen Kyte Førde IL 375
2. Ingvild Sangesland Vindbjart IL 130
3. Toini Torkildsen Voss IL 76
4. Karoline Erdal Førde IL 75
5. Bertine Thorsnes Lefdal   IL Bjørn 68
Gutar
1. Johan Bugge Eidsvåg Il 420
2. Asbjørn Berland Samnanger IL   305
3. Robert Bergstå Svarstad IL 224
4. Gaute Kvåle Røldal il 110
5. Ole Martin Erdal Førde IL 85

Karoline Holsen Kyte vart beste junior på jentesida med deltaking i seks av dei sju løpa i cupen. Ho enda på ein god 6.plass blant alle deltakarane på damesida. Johan Bugge vart beste mannlege junior, klart framfor Asbjørn Berland og Robert Bergstå. Bugge fekk også ein sterk 4.plass blant alle deltakarane og han har også slått Torstein Tengsareid i fleire av løpa. .

Premiane til juniorane er:
1. premie: 5 000.-
2. premie: 3 000,-
3. premie: 2 000,-

Fullstendig poengfordeling finn du her (pdf).

Alt om cupen finn du på http://www.motbakkecup.no/ For spørsmål, kontakt 

Jostein Hatteberg, 489 94 213 / rosendal@fjellstreif.no


Foto:Oddny Ringheim
Dei tre beste NECON Norgescup i motbakkeløp: Frå venstre nummer to Torstein Tengsareid, vinnar Thorbjørn Ludvigsen og nummer tre Tomas Bereket.


Sjå også reportasjen frå Nuten opp 2012.