Alle foto ved arrangør Lærdal IL / Jan Christian Jerving
Den entusiastiske arrangørgjengen i Lærdal IL hadde lagt ned ein stor dugnadsinnsats med snømåking av dei dei siste 170 høgdemetrane til topps og i dag var løypa snøfri og i topp stand fram til målstreken.
Ingressbildet ovanfor viser målpasseringa til Therese Sjursen, Bergen Løpeklubb, som var raskaste kvinne med tida 39.59.
Raskaste mann var fjorårsvinnar Stian Hovind-Agermund, Varegg som med tida 31.21 var berre 3 sekund bak sin eigen løyperekord frå i fjor.
Fullstendig resultatliste på Topptid.no
Det vart svært høg fart ut frå start dei fyrste 300 metrane på vegen før å få ein god posisjon inn og opp på den 25% bratte stien opp til Storehaugen. Startnr 1 i blått er dagens raskaste Stian Hovind-Angermund, men det er showmannen Bjarne Ludvigsen Varegg Team Melkesyre med blå T-skjorte og blått "skaut"/Buff som tek teten. Han ville sette pers og klarte det med tida 43:10 og vart premiert som nr 2 i kl. M45.
Therese Sjursen får gleda av å illustrere stemninga på toppen og kva deltakarane synest om arrangementet. Heilt topp !
Sindre Hoff har all grunn til å juble for 2. plassen etter suverene Stian, som held verdsklasse når det gjeld bratte motbakkeløp.
Tommy Haga kan også juble for 3. plass og si beste plassering i Storehaugen Opp på tida 36.28 som er 2 sekundar raskare enn i fjor
Det vart folksomt i målområdet på Storehaugen med 275 deltakarar i trimklassa som heia fram 114 deltakarar i konkurranseklassa.
For meir info/omtale om arrangementet sjå heimesida til løpet www.storehaugenopp.com og facebooksida