Tråve var einaste deltakar frå Noreg. Då ho 19. mai i år vart nr. 3 i VM i motbakkeløp for veteraner i Tyskland var det 7 deltakarar frå Noreg.
EM-løypa i Bludenz var 8,2km med ei stigning på 840m. Løypa var slik frå start til mål :0 – 1,4km asfalt veg, 1,4- 3,3km sti . 3,3 – 3,8 asfalt veg, 3,8 – 8,2 km grusveg. Anna M Tråve seier til Kondis.no at ho klarte å følgje vinnaren i dei brattaste partia av løypa i starten som gjekk på sti ,men då det var att 4,4km til mål gjekk løypa på slak stigning på grusveg og farten vart for stor. No vil Anna heim til Noreg for å trene meir på å springe fort på slak stigning , 8-12% , på grusveg. Det er det mange andre frå Noreg som også burde gjere om dei vil hevde seg i det internasjonale meistarskapsløypene som har ei snittstigning på omlag 10%.
Resultat Kvinner M55-59 : ( Sjå ingressbildet frå med Anna til vestre og vinnaren Regina Graf i midten )
Nr 1. Christine Sachs, Tyskland 58.21
Nr.2. Anna M Tråve, Norge 59.02
Nr.3. Regina Graf, Tyskland 61.01

I dei to siste VM i fjelløping både motbakkeløp og opp-og-ned-løp hadde Anna M Tråve ein sølv- og ein bronsemedalje og jakta på sin fyrste gullmedalje i EM i Bludenz.. Her er ho på den siste halvparten av løypa som gjekk på slak grusveg. Der vart farten for høg for fjellgeita frå Lærdal, men neste år !