I fjor vann David Schneider Buff Fanaråken Opp på 58.04. Det var nesten 4 min. ned til Norgesmeistaren i motbakkeløp Øyvind Heiberg Sundby. Tjalve på andreplass. Sjå reportasje på Kondis.no. Veka etterpå vart han nr. 3 i La Sportiva Skåla 1848m rett opp . Sjå reportasje på Kondis.no . Han vann dermed også samanlagtpremien La Sportiva dobbel for dei to løpa. Det har han ambisjonar om å gjere også i år , og det kan sjå ut til at han er i god rute til å klare det. Kanskje er han også i så god form at løyperekorden og kr. 100.000 i pengepremie er innan rekkevidde ?
2. juni vann David Schneider motbakkeløpet Grand Ballon i Frankrike som var det andre av 6 løp i årets WMRA Grand Prix . I 2009 var også La Sportiva Skåla 1848m rett opp med som eit av løpa i WMRA Grand Prix som er "verdscupen" i fjelløping. Den blir arrangert av World Mountain Running Association. Løpa kan vere både motbakkeløp eller opp-og-ned løp med same start-og målområde.