NM-kravet på 10 000 m er ei tid under 32 minutt, og det var det fem i feltet som klarte. Eivind Øygard som tidlegare i år har sprungi mila under 30 minutt, var hare. Den som kanskje imponerte mest var 45 år gamle Rune Opem som vart nummer fire med 31.48,59. På Facebook skreiv trøndaren som har gjort vestlending av seg, følgjande etter løpet: 

"Va i Førde å sprang 10 000 m i kveld. Tida vart 31.48. Hadd håpt på litt bedre tid, men har slitt litt med ein legg i det siste. Så må vel si mæ fornøyd me resultatet 😊 Takk te Eivind Øygard for fin harejobb."

Løparane var fordelt på to 10 000 m-felt, og seks av deltakarane var juniorløparar. Raskast av dei var Øystein Støfring frå Jølster som noterte 33.49,03. Førstemann i mål i B-heatet var Mats Høyset som sette pers med 36.28,86. 

"ENDELEG var det klart for første løp i 2020! Perfekte løpsforhold og ny PB på 10.000 m med 36:28. Topp start på ferie i heimlege trakter!", skreiv han på si Facebookside, og la ut dette biletet: 

Mats_Hoiset.jpg 46 år gamle Mats Høyset kunne glede seg over solid pers i årets første løp. (Foto: privat) 


Motbakkeløpar vann 1500 m flatt

Karoline Holsen Kyte er klart mest kjend som motbakkeløpar. Ho har mellom anna vunni Skåla Opp og har gull frå NM og 4. plass frå EM i motbakkeløp. No la ho inn ei lita fartsøkt og vann 1500 meteren på 4.54,66. Ho var den einaste av jentene som klarte ei tid under 5 minutt. 16 år gamle Elias Amsrud Husa var raskast av gutane med 4.24,67. 

Skaala_K60_Karoline_Holsen_Kyte (854x1280).jpg
Karoline Holsen Kyte der ho trivst aller best - i bratte fjell. (Foto: Ole Arne Schlytter) 
 

MS 10 000 m    
1 Halfdan-Emil Færø  Varegg Fleridrett  31,30,38
2 Jon Rolf Skamo Hope  Hyen IL  31,45,34
3 Matias Andersen Førde  Gular, IL  31,48,48
4 Rune Opem  Dalebrand, IL  31,48,59
5 Eivind Øygard  Sogn og Fjordane Friidrettskr  31,50,27
6 Bendik Grimsbø  Førde IL  32,46,16
7 Knut Olav Øygard  Jølster IL  32,48,60
8 Gunnar Andre Tystad Henden  Gloppen Friidrettslag  33,01,40
9 André Haugsbø  Gaular IL  34,09,45
10 Eskil Hov  Kaupanger IL  34,40,43
11 Kristian Nestor Jarnung  Norna-Salhus IL  36,24,01
12 Mats Høyset  Eikefjord IL  36,28,86
13 Thomas Kvalevåg  Stavanger Friidrettsklubb  37,06,14
14 Martijn Langeweg  NTNUI  37,50,85
15 Stian Løkke Øvrebø  Kaupanger IL  37,51,67
16 Hallvard Bjørge  Kaupanger IL  39,35,87
17 Simen Longva  Syril IL  41,28,11
18 Andreas Rolland Vågseth  Førde IL  43,05,41
19 Andre Klingenberg  Tambarskjelvar,IL  43,49,02
20 Eigil Instebø  Førde IL  43,49,23
  Roger Øye Pollen  Førde IL  Dnf
       
G-18/19 10 000 m    
1 Øystein Støfring  Jølster IL  33,49,03
2 Bendik Vereide  Gloppen Friidrettslag  35,32,13
3 Jørgen Vårdal  Svint IL  37,23,76
4 Ivar Nistad  Svint IL  38,36,56
5 Lars Teigen  Sogndal IL Friidrett  39,34,71
6 Håkon Aa Albretsen  Kaupanger IL  44,26,13
       
J-13 1500 m    
1 Ingeborg Rørvik (07)  Førde IL  5,38,96 
       
J-16 1500 m    
1 Emma Uhre Hammersvik (04)  Førde IL  5,04,43 
2 Hedda Helgheim (04)  Tyrving IL  5,13,16
       
KS 1500 m    
1 Karoline Holsen Kyte (93)  Førde IL  4,54,66
2 Merete Helgheim (80)  Førde IL  5,19,95
       
G-12 1500 m    
1 Torben Djuv Søfting (08)  Sauda IL  5,04,12 
2 Jonar Djuv Søfting (10)  Sauda IL  5,31,90 
       
G-13 1500 m    
1 Åsmund Sunde Førde (07)  Jølster IL  4,45,72 
2 Sindre Johan Helgheim (07)  Tyrving IL  5,03,96 
       
G-14 1500 m    
1 Niklas Bosdal Thorsen (06)  Førde IL  4,53,67 
2 Jakob Amsrud Husa (06)  Førde IL  5,02,48 
3 Ludvig Rørvik (06)  Førde IL  5,32,30 
       
G-16 1500 m    
1 Elias Amsrud Husa (04)  Førde IL  4,24,67 

 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957