Glade stafettvinnarar frå Magnus M. Thunestvedt / Foto : Arrangøren
Glade stafettvinnarar frå Magnus M. Thunestvedt / Foto : Arrangøren

Flott stemning på Brakvatnet Halvmaraton

Det blei ein utruleg flott haustdag med upåklageleg stemning under Brakvatnet Halvmaraton 2017

Publisert Sist oppdatert

Medan stafetten vart ein skikkeleg thriller mellom tre lag, vann Stig Atle Eide og Ingri Mjelde Birkeland halvmaraton med god margin. Totalt 183 deltakarar var med.

Arrangørane i Osterøy IL hadde tatt nokre grep for å gjera arrangementet meir kompakt, og lukkast med dette. Halvmaratonløparane og dei 13 stafettlaga starta samstundes, noko både løparar og publikum sette pris på. Løypa går 8 rundar rundt Brakvatnet, stort sett på fine grusvegar og stiar.

Stig Atle Eide fekk ei luke alt på første runde og vann på 1.25.09, ganske nøyaktig fem minutt bak det han hadde på Fanaløpet 14 dagar før. Differansen skuldast den tøffe løypa, ikkje sviktande form. 48-åringen verkar å vera gjennomtrent i år, og ved sidan av all springinga sykla han m.a. Voss-Geilo (160 km) på 5.32 i august.

Kampen om dei andre pallplassane vart hard og jamn mellom Dag Haugland (Varegg), Jan Roar Solberg (Osterøy) og Øystein Hanstveit (Mjøsdalen). Som alltid imponerte Haugland ostringane og tok sølvet med 1.28.54, føre Solberg på 1.29.00. Vinnaren av kvinneklassen, Ingri Mjelde Birkeland frå Osterøy IL, kjenner løypa ut og inn og såg uforskamma pigg ut då ho kom inn på 1.39.07.

Heile 13 lag stilte opp på halvmaratonstafetten. I teten vart det ein skikkeleg fight mellom unge og spreke elektrikarar i Magnus M. Thunestvedt, like unge og i utgangspunktet enno meir spreke skiløparar i Osterøy IL og dei noko meir garva løparane frå langdistansemiljøet i Osterøy IL. Elektrikarane utnytta eit smutthol i regelverket og delte opp kvar runde i 8 x 370 meter, medan dei andre laga sprang ein runde på 2.6 km kvar. Det heile vart avgjort først på siste etappe med dei taktisk smarte elektrikarane som vinnarar på 1.15.02. Skigruppa følgde tett bak på 1.15.20, medan langdistanseløparane i Leirfuglen Forlag sprang inn på 1.15.40. IL Fri og eit ungt lag frå Mjøsdalen følgde på dei neste plassane.

Det var også 3 km og barneløp. Terje Simmenes og Emma Solberg vann 3 km.

Alle foto: arrangøren

Resultater halvmaraton topp 3 herrer

PlassFornavnEtternavnKlubbTid
1Stig AtleEideRols-Royce Bergen Engines01:25:09
2Dag HauglandVaregg01:28:54
3Jan RoarSolbergOsterøy HTB01:29:00

Resultater halvmaraton topp 3 kvinner

PlassFornavnEtternavnKlubbTid
1IngriBirkelandOsterøy IL01:39:07
2MarenLandroNordre Fjell IL02:26:55
3RandiKleppe 02:49:30

Resultater halvmaraton topp 3 stafett

PlassKlubb Tid
1Magnus M Thunestvedt AS 01:15:02
2Osterøy IL Skigruppa 01:15:20
3Leirfuglen Forlag 01:15:40


Alle resultater

DSC_0190-u.jpg


Ingri Mjelde Birkeland og Stig Atle Eide vann Brakvatnet Halvmaraton og vart premiert med joggesko

DSC_0138-u.jpg


Superveteran John Bernes dreg dei beste jentene på 3 km: Marthe Slettebakken, Sara Jacobsen og Emma Solberg. Emma var først i mål av jentene, Men John imponerte stort med over minuttet betre tid.

DSC_0141.jpg


Osterøy IL skigruppa diskuterer taktikk og lagoppstilling før løpet

DSC_0145-u.jpg


Barneløpet samla rundt 30 deltakarar. Her etter 300 m har dei ein runde (2,6 km) igjen til mål.

DSC_0147-u.jpg


Litt lengre bak i feltet i barneløpet. .

DSC_0165.jpg


Den forrykande farten i starten indikerte taktikkeri både frå Eirik Mjelde i skigruppa (grøn t-skjorte) og Martin Kåstad (nr. 475) i elektrikarfirmaet Magnus M. Thunestvedt. Likevel vart det Magnus Gjerstad (nr. 411) som leverte pinnen først etter ein runde.

DSC_0183.jpg


Herrepallen: Dag Haugland, Stig Atle Eide og Jan Roar Solberg

Powered by Labrador CMS