Pressemelding

Folgefonna Opp
Løpet tar deg frå fjord til fonn på historisk grunn, og i sjølve indrefileten av det Kvinnherad har å by på av natur. Folgefonna Opp vert arrangert for sjuande gong.

Første del følgjer Isvegen innover Bondhusdalen, deretter oppover den frodige Hillarslia med sine mange hårnålssvingar til, Gardshammar(745moh).  Vidare følgjer løparane  den T merka stien inn i eit alpint landskap og kjem i mål etter 11 km ved Fonnabu turisthytte (1460 moh) like ved Folgefonna. Her ventar ein fantastisk utsikt og Kvinnherad Turlag med varm fruktsuppe. 

Traseen følgjer den 120 år gamle ridevegen Turistvegen over Folgefonna, som er ei av få utvalde historiske vandreruter i Norge. Sherpaene har også vore i sving på denne stien, og har laga flotte steintrapper opp det vanskelege partiet nedanfor Breidablikkhytta.

1Oppstilling.jpgKlart for start

I år har oppmodar me spesielt fleire mosjonistar til å delta. Bruk høvet til å koma deg ut på ein flott fjelltur eller test deg sjølv i kva form du er i. Krav for fullført løp i mosjonistklassen er minimum til Gardshammar. Ingen tar tida på deg og middag ved samlingsplass er inkludert i deltakaravgift. Juniorklassen startar samtidig med konkurranseløparane, men har målgang ved Garshammar, 5 km ut i løypa. Fristen for påmelding er sett til 5.august, men det er ope for etterpåmelding like fram til løpsdagen.

Vinnarane kan vente seg  flotte lokalproduserte nisjeprodukt i tillegg til pengepremiar. Blant anna kan du vinne den unike FolgefonnaOpp strikkehua og drikkebegeret Tomling. Set du ny løyperekord blir du den glade eigar av ein handlaga kniv. Då må du tukte dei sterke tidene til Arild Een 1.23.26,  eller Mai Britt Buer 1.40.21.

Etterpåmelding Folgefonna Opp 2018

Maurangerdag
Sanstundes som deltakarane svettar seg opp lia blir det folkefest inne på Sandarvollen, 2km lett gange frå parkeringsplassen i Bondhusdalen. Dei yngste skal også få startnummer på brystet. Barneløpet har same start som motbakkeløparane og målgang inne på Sandarvollen med premie til alle.  Her blir det også Maurangermeisterskap i barkebåtløp og mjølkespannhalding, Øksekasting,  Zip line over Bondhuselva, ansiktsmaling og quiz.

7barkebåtar.jpgBarkebåtløp under Maurangerdagen

 I kiosken blir det sal tradisjonsmat som rjomegraut, mjølkekaker og grilling av fiskeburger og pølsers mm. Her vil også premieutdelinga for motbakkeløpet føregå. Om kvelden blir det pubkveld på Mauranger Kro og Gjestehus.

Det er altså ingen grunn til å sitje heime denne laurdagen enten du vil forbrenne kaloriar så det sprutar,  eller berre kosa deg med ein god porsjon rjomegraut .  Ænes og Mauranger Bygdalag ønskjer alle sprekingar og mindre spreke hjarteleg velkomne til Bondhusdalen 11. august.

3Barneløp startskot.jpgBarneløpet har startet

IMG_0427.jpgTøffe forhold i fjellet, May Britt Buer på vei mot seier i 2016

hogdeprofilny640.jpg Løypeprofil nnn Kart-640.jpg Løypekart

 

Meir info:
www.folgefonnaopp.no
https://www.facebook.com/FolgefonnaOpp
www.mauranger.no/

Kondisreportasjer Folgefonna Opp
2016 : 
May-Britt Buene satte rekord i Folgefonna Opp
2012: Folgefonna Opp - Fra fjord til fonn