På laurdag såg deltakarane på Storehesten Opp ein idrettsprestasjon av det sjeldne. Karoline Holsen Kyte understreka føre start at ho ville ta det forsiktig då ho har fått stadfesta at ho er gravid, og difor skal ta eit kvileår. Noko som også er forklaringa på at ho knapt har konkurrert tidlegare i år.

Men oppover på det 1209 meter høge fjellet Kvamshesten hadde ho vanskar med å halde igjen, og regelrett fossa frå den norske EM-deltakaren Anita Iversen Lilleskare. I mål skilde det nesten seks minutt, og Førde-jenta passerte målstreken på imponerande 1 time 19 minutt og 11 sekund. Faktisk er dette berre litt over sju minutt svakare tid enn den legendariske løyperekorden til Heidi Weng på 1.11.53, som er 11 år gamal.

karolie-holsen-kyte.jpgKaroline Holsen Kyte løper i mål til en svært sterk tid. (Foto: Bodil Ryste)
 

Termin ved nyttår

Enda meir imponerande er det at Karoline Holsen Kyte gjer dette løpet medan ho er tre månadar på veg.
- Ja, det stemmer. No er dette offentleg. Halfdan-Emil og eg ventar vårt første barn ved årsskiftet. Faktisk har eg termin 1. januar, smiler Karoline til Storehesten Opp sin skribent føre start.

Men at det var ei gravid kvinne som la i veg var knapt synleg. Ho fest tidleg grepet på allereie EM-klare Anita Iversen Lilleskare, og på Stølshaugane hadde ho fått ei god leiing på den norske EM-deltakeren. Ei leiing som berre vart større og større opp mot mål.
 

Suveren seier til Halfdan-Emil Færø - EM på fredag

Og medan Karoline var fullstendg suveren i kvinneklassa, vann sambuaren Halfdan-Emil Færø herreklasse «under kontroll».
- Eg skal springe EM-løp i Spania førstkomande fredag og søndag, og brukte dagens løp til å få ei gjennomkøyring. Eg valde å halde følgje med Geir Steig frå Luster til litt forbi dagsturhytta, men opplevde så at han stivna litt. Då valde eg berre å auke på litt, smiler sambuaren til Karoline Holsen Kyte. Og han vedgår at oppladninga til løpet kunne ha vore betre.

- Vi kom med fly frå Oslo natt til laurdag, og så var det rett til start her. Ikkje optimalt, men eg likar denne løypetraseen veldig godt, og kosa meg oppover, smiler løparen som opphaveleg kjem frå Osteridet i «gamle» Alvær kommune.


herrevinner.jpgHalfdan-Emil Færø med suveren seier. (Foto: Bodil Ryste)

Bestetid i herreklassa vart 1.11.11, og dette er åtte minutt svakare enn løyperekorden til kenyanske John Sompol frå 2011.
-Det er ei knallhard tid som det skal noko til for å straffe. Men vi får sjå ved seinare løp i Storehesten Opp, seier Færø etter returen frå 1209 meters høgde.


Mer informasjon:
Se alle resultater her