Marte Hovland: – Veldig glad for å få vere med i det nye teamet
Marte Hovland er ei av fleire unge løparar som har takka ja til å bli med i elitelaget til Ingebrigtsen-brørne. 20-åringen frå Vik i Sogn har trent mykje åleine og set pris på å få bli del av ei så profesjonell gruppe.
Kondis rapporterte i går om det nye teamet som består av ei blanding av meritterte topputøvarar og yngre talent. Marte Hovland som lenge satsa like mykje på fotball som springing, er ei av dei som fekk sjansen til å bli med i det nye elitelaget.
For tida er ho på treningsleir i tynnluft i Sierre Nevada i Spania, og på spørsmål frå Kondis om kva det betyr for henne å bli med i det nye teamet, svarar ho:
– Eg blei veldig glad da eg fekk førespurnad om å vere ein del av Spring Run Club Elite. Det høyrtest veldig spennande ut, og eg tenkte at denne moglegheita må eg gripe. Eg synest det er ekstra kult at dei også vil satse på jenter. Det er gøy at dei har trua på oss, ser potensiale og har lyst til å hjelpe oss til å bli endå betre løparar og etter kvart hevde oss på internasjonalt nivå, fortel Marte og legg til:
– Å vere med i eit så godt team trur eg kan vere veldig lærerikt og positivt for mi eiga utvikling. Eg trur det kan hjelpe meg i stor grad på vegen til å bli ein endå betre løpar og til å fortsette å utvikle meg i riktig retning. Det gir både stor motivasjon og inspirasjon og vere ein del av dette teamet. Eg har allereie fått ein del hjelp og lært mykje om blant anna løpsteknikk, styrke og drill. I tillegg til ernæring, søvn og restitusjon. Eg gled meg og ser fram til å læra endå meir.
Godt samhald
Marte Hovland fortel om godt samhald i gruppa, noko som gjer det gøy å vera ein del av laget.
– Me støtter og heier på kvarandre både på trening og i konkurranse. Me utfordrar og lærer av kvarandre med blant anna å dele erfaring og kunnskap. Alle har sine sterke og svake eigenskapar. Alle i gruppa har store mål og jobbar strukturert og målretta mot dei. Teamet vil hjelpe og pushe kvarandre til å bli endå betre og for at me kan oppnå måla våre.
Marte har spelt fotball heile livet og er såleis van med å vere ein del av eit lag, men sidan ho starta med friidrett har ho nesten berre trent åleine.
– Derfor er det ekstra kjekt å kunne bli med i Spring Run Club der det er eit veldig bra treningsmiljø og ein har nokon å trene saman med. Det å ha ei godt team rundt seg betyr mykje.
– Blir det mange treningssamlingar?
– Det kjem til å bli ein del samlingar, men også ei god oppfølging heime, der vi er og der det trengst. I tillegg skal me ha ein del felles opplegg der det går.
Individuell tilpassing
– Vil du ha trenar via teamet, eller vil du ha din eigen trenar?
– Filip Ingebrigtsen og Marthe Kristoffersen kjem til å vere med og hjelpe oss som trenarar på samling. Me prøver å samkøyre so mykje som mogleg når me er på samling, med både intervall, styrke, basis, hurtigheit, hekkedrill, rolege joggeturer osv., men sjølvsagt med nokre individuelle tilpassingar – slik vil det alltid vere. Nokon kjem tilbake frå skade, andre er skada, nokon kjem litt seinare til høgdeleiren og må derfor bruke litt lengre tid på å venne seg til høgda. Nokon toler meir trening enn andre – eller at vi berre treng å trene på ulike ting.
– Får det nye teamet noko å seie for kva for distansar du satsar på?
– Eg kjem til å fortsette å satse på 1500 m. Det er svært mange gode og etablerte løparar i gruppa som eg trur eg kjem til å kunne lære masse av for å bli ein betre løpar.
EM terrengløp
– Er du i gang med treninga mot neste år?
– Ja, eg er i gang med treninga fram mot neste år, men første mål er å bli tatt ut til U-23 EM i terrengløp som går føre seg i Portugal 14. desember. Forma er bra, og eg har fått trena svært godt med det nye teamet mitt her i Sierre Nevada. Me har snart vore her i to veker, og treninga har gått veldig bra, så eg håpar å få kunne springe EM terrengløp. Det er endå nokre veker igjen, so eg håpar treninga held fram slik, og at eg kan levere ein god prestasjon dersom eg får springe EM terreng.
Neste høgdetreningsleir for Marte Hovland blir i Sør-Afrika i slutten av desember.
– Der skal grunnlaget for neste sesong leggast. Eg gled meg allereie til neste sesong og trur at den kan bli veldig bra!