Zerei Kbrom Mezngi og Narve Gilje Nordås skifta på å dra undervegs, men mot slutten var Nordås den klart raskaste. (Foto: Samuel Hafsahl)
Zerei Kbrom Mezngi og Narve Gilje Nordås skifta på å dra undervegs, men mot slutten var Nordås den klart raskaste. (Foto: Samuel Hafsahl)

Narve Gilje Nordås krusa inn til NM-gull på 5000 m

Narve Gilje Nordås hadde så god kontroll på den hardaste konkurrent sin, Zerei Kbrom Mezngi, at han kunne vinke til publikum og juble på oppløpet. Bak dei to spurta ein trio om bronsemedaljen, og Sigurd Ruud Skjeseth stakk av garde med den.

Publisert Sist oppdatert

Dei første 1800 metrane gjekk såpass sakte at gullet fort ville gå til Awet Kibrab som vann det første heatet, om dei heldt fram slik. Erik Udø Pedersen hadde dregi feltet i fart til ei sluttid på ca. 15 minutt, og i og med at Kibrab hadde sprungi på 14.05,86, måtte det ei kraftig fartsauke til om medalje skulle bli utdelt til ein av løparane i A-finalen.

Zerei Kbrom Mezngi og Narve Gilje Nordås tok ansvar og skifta på å dra frå 1800 m til 4200 m. Farten dei heldt var så stor at alle dei andre måtte gradvis sleppe. Det vart òg meir og meir klart at tetduoen ville klare å slå tida til Kibrab. På dei to siste rundane skrudde Narve gradvis opp farta, og i siste sving måtte Zerei gi ei luke. Narve kunne kruse inn til 13.55,86 medan Zerei kom i mål på 13.58,47.

- Eg rakk ei lita feiring på oppløpet, men eg måtte kikka meg bak for ikkje å drita meg ut - slik at han ikkje plutseleg kom forbi meg. Det hadde ikkje tatt seg ut, fortalte Narve da han vart intervjua av NRK etter målgang. Både han og Zerei var klar over at dei måtte under vinnartida frå det første heatet for å ende opp med gull.

- Eg såg at det gjekk grueleg seint i starten med oss. Zerei såg det same og tok ansvar for å setje fart. Etter det så skifta vi på å dra. Siste gongen eg gjekk ut for å sleppe han fram, med to rundar att, så kom han ikkje, og da skjønte eg at eg berre måtte køyre sjølv derifrå og inn.

Zerei sette pris på samarbeidet og var òg godt nøgd med utfallet av det.

- Eg var veldig heldig som kunne springe med Narve. Vi samarbeidde heile vegen, sjølv om det var konkurranse, og det var veldig kjekt. Eg er veldig godt fornøgd, fortalde han til NRK.

Kampen om bronsemedaljen var ikkje berre ein kamp mellom tre mann i A-heatet, men det var òg spennande å sjå om dei ville klare vinnartida til Awet Kibrab. Dei måtte ha ein sisterunde på 60 sekund eller fortare for å slå han. Det gjekk veldig greit for Sigurd Ruud Skjeseth som sikra bronsen med 14.01,80. Bjørnar Sandnes Lillefosse og Marius Vedvik sneik seg òg framføre Awet Kibrab på totallista.

5000mA-bronsekampen.jpg


Bronsekampen vart ståande mellom desse tre, Bjørnar Sandnes Lillefosse (til høgre), Sigurd Ruud Skjeseth og Marius Vedvik. På sisterunden var mannen i midten sterkast. (Foto: Samuel Hafsahl)

5000mA-Zenay-Fissehatsion-Erik_U-Pedersen.jpg


Erik Udø Pedersen, som opphaveleg er sørlending, drog feltet i over fire rundar ut frå start. Til sist vart han nummer seks med 14.12,28. Klubbkamerat i Ull/Kisa, Senay Fissehatsion, endte ein plass og åtte sekund lenger bak. På totallista på 5000 m hadde Ull/Kisa heile fire mann mellom dei ti beste. (Foto: Samuel Hafsahl)

5000mA-tetfeltet.jpg

Feltet begynte ganske fort å strekkje seg ut da Zerei Kbrom Mezngi og Narve Gilje Nordås byrja å køyre lagtempo. (Foto: Samuel Hafsahl)

5000 m, A-finale
Alle resultat

5000mA-Wang-Pedersen.jpg
Unge Marius Liljeberg Wang (til venstre) vart nummer 12 i A-heatet medan meir rutinerte Trond Einar Moen Pedersli kom på 16. plass. (Foto: Samuel Hafsahl)

5000mA-Narve-Gilje-Nordaas.jpg
Dagens 5000 m-mann var likevel Narve Gilje Nordås. På 10 000 meteren på sundag får vi truleg ein ny duell mellom han og Zerei Kbrom Mezngi. I og med at Zerei vanlegvis er sterkare på 10000 m enn på 5000 m, kan det bli skikkeleg spennande. (Foto: Samuel Hafsahl)
Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
Plass:Startnr:Navn:KlubbSB:PB: Resultat:
1292Narve Gilje NordåsSandnes IL13,16,6713,16,67 13,55,86
2315Zerei Kbrom MezngiSpirit FIK 13,37,59 13,58,47
3426Sigurd Ruud SkjesethUllensaker/Kisa IL13,41,4713,41,47 14,01,80
4109Bjørnar Sandnes LillefosseGular, IL 13,56,17 14,02,85
5121Marius Øyre VedvikGular, IL13,36,6013,29,46 14,04,38
6419Erik Udø PedersenUllensaker/Kisa IL13,46,0713,46,07 14,12,28
7425Senay Amlesom FissehatsionUllensaker/Kisa IL14,18,3313,58,39 14,20,32
8424Per SvelaUllensaker/Kisa IL13,32,9713,23,97 14,27,82
95Marius Garmann SørliAsk Friidrett14,25,2814,25,28 14,35,84
10322Mathias FlakSteinkjer FIK13,58,5513,58,55 14,38,47
1198Philip Anders Anthelme MassacandGneist,IL14,25,3514,25,35 14,38,76
12149Marius Liljeberg WangHerkules Friidrett14,33,0714,33,07 14,38,79
13326Simen Hernes EllingsdalenSteinkjer FIK14,28,8714,28,87 14,40,68
14248Mathias MoenOslostudentenes IK14,28,3114,28,31 14,45,00
15303Tord Franke UlsetSelsbakk IF14,28,5114,28,51 14,47,92
16346Trond Einar Moen PedersliStrindheim il14,14,4314,14,43 14,51,89
339Abdulaziz M. EbrahimStrindheim il DNS
436Eirik GramstadVidar SK 14,05,78 DNS
Powered by Labrador CMS