Eg har aldri vore avundsjuk på dei som dreg til Syden kvar sommar og ligg som rosa slakt på sandstrendene der. Faktisk har eg vore meir bekymra. Det kan da umoleg vere bra for kroppen med dei høge temperaturane?
Artikkelen fortsetter under annonsen
Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribentens mening.
«No høyrest det ut som eg skulle vore til ein psykolog, men så gale er det ikkje.»
Dei av dere som har lese den førre kommentarsaka mi, veit alt om planane eg hadde for sommaren: Det skulle bli mange fjellturar, og eg skulle sanke kilometer i Kondisløpet si kilometersanking for juli. Ikkje berre sanke dei, men eg ville sanke fleire enn eg nokon gong har gjort tidlegare, noko som innebar å samle over 322,77 kilometer, og ikkje nok med det, eg skulle òg vere med i Eidsvoll 6-timars som blir arrangert til helga.
Skremsla med høgder
Når det gjaldt fjellturar, røpte eg eit skremmande mål om å nå toppen på Snøhetta. Eg har høgdeskrekk, og folk som har det, kan ofte sjå forferdelege skrekkscenario i sjølv dei slakkaste bakkane.
Når eg går langs ei åsside, kan eg sjå for meg eit gedigent steinras som får heile fjellsida til å lausne og skli ut, og den steinen eg står på, blir sjølvsagt med i raset. Sannsynet for at det skjer, er låg.
Alle vi som hugsar korleis vi venta på at fjellet Mannen skulle rase ut, veit at det skal mykje til før det skjer. Dei som venta på raset, måtte vente i fleire år, og det var først etter kraftig regnvær at forventningane vart innfridd då ein del av Mannen, kalt Veslemannen, rasa ut i 2019. Då hadde geologane varsla om ei mogleg hending sidan 2014.
Eg ville aldri gått på eit fjell som geologane meinte var ustabilt. Då ville eg heller funne meg eit anna fjell å stige opp på.
Dragning mot stupet
Sjølv om fjellet eg går på er stabilt, kan ting skje. Eg kan skli og rase ned fjellsida sjølv om det ikkje kjem noko steinras og tar meg med.
Eg kjenner ofte ein dragning mot stup i fjellet, og eg konsentrerer meg både med å sjå bort og halde god avstand. Likevel er eg redd for at eg ikkje skal klare å stå imot dragninga, og at eg plutseleg fer utfor kanten. Det er litt som om eg tenkjer at om eg likevel kjem til å ramle ned, kan eg likegodt hoppe.
No høyrest det ut som om eg skulle ha vore til psykolog, men så gale er det ikkje. Eg klarer å koble ut frykta og ha kontroll over kroppen. Eg veit at eg ikkje kjem til å hoppe utfor eit stup eller rase ned fjellsida. Eg kjem truleg heller ikkje til å skli og skade meg på noko vis. Det kjem til å gå bra, og om eg blir redd det ikkje gjer det, er det inga skam å snu.
Det var óg det eg avtalte med dei to eg gjekk opp Snøhetta saman med. Om dei ville sitja på toppen og ete, og eg ikkje kjente meg trygg der, skulle eg gå ned og finne meg ein anna stad kor eg kunne ete lunsjen min, medan dei kunne bli att på toppen. Slik vart det nesten.
Det å gå opp Snøhetta var fleire timar med vandring i ei stor steinur innimellom partier med snø som låg att etter vinteren. Det var bratt, men det var aldri skremmande. Eg snudde meg fleire gonger på veg opp for å forsikre meg om at eg skulle klare å komma ned igjen etterpå. Eg kjente meg trygg der eg nedkjempa stein etter stein.
Då eg nærma toppen, oppdaga eg stupet. Plutseleg var det rett ved sida av meg. Det var som om det dukka opp fra inkje. Det berre var der.
Det er inga overdriving å seie at eg vart redd. Ganske skremt. Omtrent vettskremt, eigentleg. Eg krøka meg saman, klar til å gå ned på alle fire om det vart nødvendig.
Litt lenger framme hadde reisefølgjet mitt allereie nådd toppen. Dei hadde klart seg.
Eg kikka ned på stien under meg. Den gjekk på snø, og eg kunne sjå at det var mange som hadde gått der før meg. Eg visste at eg var trygg, men det kjentest ikkje slik.
Akkurat då fann eg det fornuftig å auka farta. Eg ville kome raskt fram til dei andre. Eg festa auga på venninna mi, og gjekk målretta dei siste metrane. For kvart steg eg tok, og etter kvart som farten auka, rette eg meg meir og meir opp i kroppen. Om nokon hadde sett meg frå sida, ville dei i løpet av dei få sekunda den siste strekninga varte, kunne lese heile homo sapiens si utvikling gjennom fire millionar år.
Det var mennesket si meistring som vart avteikna i løpet av desse få sekunda, og gjett om eg kjente meg nøgd med meg sjølv då eg kom til toppen.
Etter ei stund fann eg roa og klarte å bli sitjande der og ete saman med dei andre. Maten smakte faktisk godt 2286 meter over havet.
Lunsjpause: Eg fekk ned maten sjølv om det var bratt ned framfor oss der vi satt på toppen av Snøhetta. Det er eg som sitt til venstre på biletet, min mann Morten Eirik Engelsjord i midten, mens Gina Gubberud sitt til høger. (Foto: Ein fotturist)
Fleire fotturar
Eg fekk òg en del fotturar i fjella rundt Oppdal. Desse var både trivelegare og mindre skremmande enn Snøhetta, men dei ga ikkje like mykje meistringskjensle.
Kvar gong eg kom heim til svigerfamilien etter ein fjelltur, vart eg spurt om eg møtte nokon i fjellet. Det gjorde eg sjeldan. Nesten litt rart eigentleg at eg fekk ha fjellet for meg sjølv midt i fellesferien. Ikkje heilt for meg sjølv. Det var mykje sau der. Ein dag traff eg òg eit menneske då eg var på veg ned. Eg trudde nesten at det var blitt for mykje sol på meg i løpet av turen, og at eg hallusinerte, for mannen eg møtte var heilt naken. Ikkje heilt. Det var ei overdriving. Han hadde både hatt og sko, men dei edlare delane hang og slang der han kjempa seg oppover åssida.
Då han fekk sjå meg, gjekk han omsynsfullt ut av vegen vi gjekk på, og forsvann oppover i buskaset.
Det skal seiast at det var varmt i sommar. Vi hadde lange periodar med rundt tretti varmegrader sjølv i Trøndelag. Kanskje var det varmen som fekk mannen til å kaste kleda?
Eg trur ikkje det. Då eg kom heim etter turen og fortalde om mannen, viste det seg at det visseleg var fleire som hadde møtt han på tur.
Bortsett frå denne historia var det lite eg hadde å fortelja då eg kom att frå fjellturane mine. Likevel sitt eg no med ei kjensle av å ha opplevd mykje i sommar.
Klarte varmen
Eg som får pusteproblemer når det vert for varmt, klarte meg bra, sjølv om vi ikkje har airconditionanlegg.
Eg klarte òg å samle minst 200 kilometer i Kondisløpet si kilometersanking, men eg slo ikkje rekorden min frå sist eg var med, og eg vann heller ingen av premiane som vart trekt, sjølv om premiegrada var på over 16 prosent.
Om nokon leitar etter meg blant deltakarane i Eidsvoll 6-timars, finn dei meg ikkje på startstreken på sundag. Det vert ikkje noko ultraløp på meg i sommar. Ikkje kortare distansar heller. Eg slit fortsatt med ein irritert hæl, og tar no trykkbølgjebehandling for å bli betre.
Sjølv om beina ikkje speler 100 prosent på lag, har eg det fint. Eg får sprunge to til tre turar i veka, og har ikkje noko å klage over. I tillegg har eg minna frå ein sommar med meistring og gode opplevingar.
Litt mer om Marianne Røhme
Marianne Røhme (61) er daglig leder i Kondis – norsk organisasjon for kondisjonsidrett og ansvarlig redaktør for bladet og nettsiden. Hun er utdannet sivilagronom fra Norges miljø- og biovitenskaplige universitet og journalist fra Høgskolen i Oslo. I tillegg har hun bygd på med økonomi og medielederutdannelse. Hun kommer fra stillingen som ansvarlig redaktør for to tidsskrifter i Tun Media. Marianne er en ivrig kondisjonsutøver. Liker best løping, men er også å finne i skiløypa på vinteren eller på sykkelen om sommeren.
Heldige med veret: Det var sol og stort sett blå himmel den dagen vi gjkk opp på Snøhetta. (Foto: Marianne Røhme / Kondis © Kondis)
Ikkje alt vart som planlagt denne utruleg varme sommaren
Skrevet av Marianne RøhmeEg har aldri vore avundsjuk på dei som dreg til Syden kvar sommar og ligg som rosa slakt på sandstrendene der. Faktisk har eg vore meir bekymra. Det kan da umoleg vere bra for kroppen med dei høge temperaturane?

Del artikkelen
Siste kommentarer
Ikkje alt vart som planlagt denne utruleg varme sommaren
Løper jeg saktere – eller var langturene bare veldig raske før?
Det viktigaste først
De forbanna føttene - og det fantastiske og dyrebare livet
De to største løpsprofilene i EM delte gullmedaljene mellom seg – nesten
Den store løpebølgen
I sumar skal eg slå mine gamle rekordar
Bedre å bli skadet av aktivitet enn av stillesitting