Kondismedlem Sponset innhold
Håvard Austevoll (t.v.), Spirit Stavanger, satte løyperekord på maraton. Foto: Jan Ringheim

Håvard Austevoll (t.v.), Spirit Stavanger, satte løyperekord på maraton. Foto: Jan Ringheim

Austevoll og Taranger sette løyperekordar i Møkster maraton

I den fjerde utgåva av Møkster maraton vart det løyperekord på herresida både på maraton og nautisk maraton. Håvard Austevoll sprang i mål på 2.49.42, nummer to vart Sondre Øvre-Helland på 2.59.16. Desse to var dei einaste under tre timar i den harde løypa. Bjørn Tore Kronen Taranger sette løyperekord på nautisk maraton, 7,778 km, med 27.55.

Beste dame på maratondistansen var Merethe Fosse med 4.16.13. Marte Bergtun var beste dame på nautisk maraton.

IMG_7869-1.jpg

Merete Fosse (nr 28) var raskaste dame på maraton. Helene Merg (bak) vart nummer tre etter Turid Landsvik. Desse to stilte til start klokka ti medan hovudfeltet starta kl 11. 
Alle foto: Jan Ringheim

IMG_8003-1.jpg
Ny løyperekordhaldar på Nautisk maraton er Bjørn Tore Kronen Taranger. Her har han vore ei sløyfe nedom kaien og butikken, der det sto ein ivrig heiagjeng gjennom heile løpet. 

IMG_7981-1.jpg
Marte Bergtun var beste dame på nautisk maraton.

Det vart nok eit flott arrangement på Møkster, der heile øya var i aktivitet, enten som funksjonærar eller i heiagjeng. Veret var bra under første delen av løpet, men utpå ettermiddagen kom det ei kraftig regnbye som bløytte dei som var ute i tre og ein halv time eller meir.

Den annonserte konserten med Jan Eggum etter premieutdelinga vart avlyst i siste liten, men William Hut steppa inn og laga svært god stemning i Pakkehallen ved kaia. 

Taranger og Bergtun.jpg
Vinnarane på nautisk maraton Marte Bergtun og Bjørn Tore Kronen Taranger. Bjørn Tore tok ein løyperekord og ga frå seg ein annan. Den gamle rekorden på nautisk maraton var det Erik Iden som hadde, på 30:32. Bjørn Tore hadde fram til i år løyperekorden på maraton på 3.04.16. Foto: Mona Mørk. 

Fleire bilete under resultatlista.

Møkster Maraton 2015

Møkster BU. Møkster, Austevoll

01.08.15

Resultatliste Møkster Maraton   Return
Plass Navn Tid
1 Austevoll,Håvard 2:49:42 + 00:00
2 Helland,Sondre 2:59:16 + 09:34
3 Nybø,Hans Olav 3:14:14 + 24:32
4 Nordanger,Jørgen 3:29:32 + 39:50
5 Wilson,Matthew 3:35:48 + 46:06
6 Vaage,Gunnar 3:39:21 + 49:39
7 Dybdahl,Øystein 3:43:09 + 53:27
8 Gallis,Jostein 3:44:46 + 55:04
9 Lyngbø,Bjarne Otto 3:47:56 + 58:14
10 Lyngstad,Terje 3:47:57 + 58:15
11 Braut,Ivar 3:55:27 +1:05:45
12 Storvik,Frode 3:57:16 +1:07:34
13 Møgster,Per Christian 4:03:01 +1:13:19
14 Haugen,Inge Asbjørn 4:03:22 +1:13:40
15 Rasmussen,Petter 4:09:22 +1:19:40
16 Polden,Sveinung 4:09:51 +1:20:09
17 Fosse,Merethe 4:16:13 +1:26:31
18 Tubaas,Peter 4:18:21 +1:28:39
19 Tangerås,Arvid 4:23:05 +1:33:23
20 Landsvik,Turid 4:23:05 +1:33:23
21 Merg,Helene 4:28:01 +1:38:19
22 Møgster,Oddgeir 4:28:14 +1:38:32
23 Ringheim,Oddny 4:33:25 +1:43:43
24 Haukanes,Frode 4:39:30 +1:49:48
25 Schwalbach,Sebastian 4:45:42 +1:56:00
26 Bergset,Malin Frøyen 4:52:59 +2:03:17
27 Løtveit, Markus                    5:57:38 +3:07:56

 

Resultatliste Nautisk Maraton (4,2 nautiske mil = 7778 m)   Return
Plass Navn Tid
1 Taranger,Bjørn Tore 27:55 + 00:00
2 Austevoll,Ivar M 32:33 + 04:38
3 Melingen,Daniel Storebø 34:41 + 06:46
4 Hufthammer,Lars Johan 35:28 + 07:33
5 Stien,Andreas 35:37 + 07:42
6 Hole,Kjell-Frode 35:39 + 07:44
7 Taranger,Geir Atle 36:37 + 08:42
8 Raknes,Gisle 37:13 + 09:18
9 Lillefosse,Preben 37:56 + 10:01
10 Bergtun,Marte 38:17 + 10:22
11 Veland,Arne Jørgen 39:10 + 11:15
12 Sunde,Bjarte Mehus 40:47 + 12:52
13 Austevoll,Mari 40:47 + 12:52
14 Handegard,Asbjørn 41:09 + 13:14
15 Økland,Tora 41:10 + 13:15
16 Storebø,Andre 41:22 + 13:27
17 Blix,Trond 42:11 + 14:16
18 Glenjen,Ove 42:35 + 14:40
19 Økland,Agate 42:46 + 14:51
20 Rabben,Silje 42:47 + 14:52
21 Armatynski,Jacek Marian 43:02 + 15:07
22 Dolve,Cathrine 43:02 + 15:07
23 Hevrøy,Frode 43:06 + 15:11
24 Lee,Hege Gundersen 43:14 + 15:19
25 Melingen,Karoline 43:32 + 15:37
26 Waage,Svein 43:48 + 15:53
27 Kjærevik,Laila 44:11 + 16:16
28 Sæter,Solvår 44:22 + 16:27
29 Sunde,Arild 44:36 + 16:41
30 Møgster,Alfred Magne 45:06 + 17:11
31 Hevrøy,Karine 45:06 + 17:11
32 Skeie,Maria Fagerbakke 45:38 + 17:43
33 Fosse,Mona 45:47 + 17:52
34 Veland,Ida 46:22 + 18:27
35 Mundheim,Stian 46:29 + 18:34
36 Drivenes,Geir Arne 46:52 + 18:57
37 Storebø,Magdalena 47:12 + 19:17
38 Storheim,Abigail 47:24 + 19:29
39 Aasen,Knut 47:44 + 19:49
40 Thomassen,Per 48:21 + 20:26
41 Teige Thomassen,Sandra 48:53 + 20:58
42 Sunde,Anette 49:33 + 21:38
43 Brügger,Karin 50:10 + 22:15
44 Melingen,Ingeborg Astrid 50:38 + 22:43
45 Iversen,Stein-Yngve 53:35 + 25:40
46 Iversen,Annette 53:36 + 25:41
47 Risøy,Sigve 53:59 + 26:04
48 Aarland,Lars Knut 54:37 + 26:42
49 Storebø,Morten 54:40 + 26:45
50 Pedersen,Nansy Østervold 55:46 + 27:51
51 Pedersen,Øyvinn 55:51 + 27:56
52 Ellingsen,Kenneth 56:05 + 28:10
53 Waldorff,Gunn 56:06 + 28:11
54 Bembo,Bine 57:45 + 29:50
55 Olsen,Trine 57:45 + 29:50
56 Heggholmen,Anja 58:27 + 30:32
57 Sunde,Astrid 1:01:17 + 33:22
58 Sunde,Linda 1:01:17 + 33:22
59 Klepsvik,Renate Møgster 1:03:50 + 35:55
60 Møgster,Lars Henning 1:06:32 + 38:37
61 Møgster,Aase 1:16:50 + 48:55
62 Solberg,Martine 1:28:36 +1:00:41
     

Nautisk mil - under 16 år:

Navn Tid
 1. Sandvik,Henrik 38:23 + 00:00
 2. Myhre,Endre Melingen 39:37 + 01:14
 3. Blix,Jakob 39:53 + 01:30
 4. Fosse-Hoff,Jeppe 42:28 + 04:05
 5. Birkeland,Noah 43:04 + 04:41
 6. Mundheim,Sebastian 43:47 + 05:24
 7. Teige Thomassen,Henrik 45:45 + 07:22
 8. Teige Thomassen,Mads 46:32 + 08:09
 9. Strømme,Martin 48:20 + 09:57
10. Melingen,Jens Myhre 50:37 + 12:14
11. Teige Thomassen,Silje 50:39 + 12:16
12. Teige Thomassen,Tiril 51:41 + 13:18
13. Haukanes,Una 55:18 + 16:55
14. Stensen Heggdal,Helene 55:18 + 16:55
15. Pedersen,Sandra 55:45 + 17:22
16. Stikholmen,Silje 56:30 + 18:07
17. Jørgensen,Mariell 56:32 + 18:09
18. Sæle,Tuva 1:04:02 + 25:39
   

 

Bileta ligg i kronologisk rekkjefølje.

IMG_7887-1.jpg
Frode Storvik 

IMG_7889-1.jpg
Petter Rasmussen og Jørgen Nordanger. 

IMG_7895-1.jpg
Gunnar Vaage (fremst), Matthew Wilson og Ivar Braut.

 

IMG_7897-1.jpg
Ved runding av bøya på den andre runden på graset var det oppmuntring å få gjennom heile løpet. Dei to damene vart nokså våte og kalde etter kvart, men entusiasmen var like stor.

IMG_7913-1.jpg
Turid Landsvik og Arvid Tangerås sprang saman gjennom heile løpet. Tida vart 4:23:05, for Turid heldt dette til andreplass blant damene.
 

IMG_7931-1.jpg
Terje Lyngstad (til høgre) hadde lokka svoger Bjarne Otto Lyngbø med seg på maraton for første gong. Terje spring Stockholm ultra om ei veke og brukte dette som ein treningstur. Bak kjem Øystein Dybdahl.

IMG_7936-1.jpgSveinung Polden har teke att ei trøytt havfrue med ein runde.

IMG_7945-1.jpg
Jostein Gallis

IMG_7947-1.jpg
Hans Olav Nybø tok tredjeplassen med 3:14:14.

IMG_7957-1.jpg
Malin Frøyen Bergset sto nok for den mest imponerande prestasjonen. Ho var heidersgjest i løpet. 41-åringen frå Høyanger har ryggmargsbrokk og var i svært dårleg form då ho for tre år sidan bestemte seg for å snu om på kosthald og livsstil, og sette i gang med maratontrening trass i råd frå legane om å ta det med ro. Ho debuterte i Oslo Maraton sist haust. Dette er hennar andre, men ikkje siste maraton. Det var eit tøft løp, både på grunn av veret og på grunn av den kuperte løypa. I tillegg skulle ho, i motsetning til oss andre, gjennom ein periode med sterke smerter i starten av løpet før kroppen kom heilt i gang. Dei som vil lesa meir om Malin, finn henne her: Veien mot den ultimate styrkeprøven.

IMG_7972-1.jpg
Ivar M Austevoll vart nummer to på nautisk maraton.

IMG_8015-1.jpg
Oddgeir Møgster

IMG_8018-1.jpg
Debutanten Sebastian Schwalbach, frå Saarbrücken men busett i Bergen, debuterte på maraton. Her har han fått selskap av den mest erfarne maratonløparen i landet, Inge Asbjørn Haugen som er ute på sitt 501. maraton. Han har delteke i alle fire Møkster maraton og sette Møkster-pers i dette løpet med tida 4:03:22.

IMG_8109-1.jpg
Peter Tubaas her ikkje heilt restituert etter seksdagarsløpet tidlegare i sommar, men humøret var som vanleg på topp.

IMG_8110-1.jpg
Per Christian Møgster (til venstre) saman med debutanten Frode Haukanes, som melde seg på på impuls dagen før, med nokså begrensa treningsmengde.

IMG_8116-1.jpg
Markus Løtveit får hjelp frå støtteapparatet. I tillegg til mor (biletet) var tvillingbroren med og sprang delar av løypa saman med Markus.

IMG_8072-1.jpg
Dei er pene i tøyet på Møkster- Her er det Bine Bembo og Trine Olsen som er ute på nautisk maraton.

IMG_8081-1.jpg
Jens Myhre Melingen og Ingeborg Astrid Melingen.

Sjå tidligerare reportasjar frå Møkster maraton på
Samlesida!