Jølster Maraton si heimeside kan vi lese følgjande: 

"Vi må dessverre avlyse det 37. Jølster Maraton som var planlagt 4. juli. Ingen veit kor lenge restriksjonane frå myndigheitene vil vare, og det vert vanskeleg å gjennomføre årets arrangement på ein god måte. Det viktigaste no er å ta hensyn til liv og helse.

Alle påmelde vil snarleg bli kontakta med informasjon om kompensasjonsalternativ. Vi takkar for at de har forståing for situasjonen og nyttar høve til å oppfordre alle om å følgje retningslinjene frå myndigheitene og å ta vare på kvarandre. Alt blir bra. Hjarteleg velkommen til Jølster og Jølster Maraton 3. juli 2021."

På Facebook-sida si har Jølster Maraton lagt ut den same meldinga men hekta på eit PS: "Vi får arrangere NM til neste år."

Jølster Maraton er eit av dei mest tradisjonsrike løpa i landet og har ved fleire høve vori arrangør av maraton-NM. Siste gong var i 2008 da Henrik Sandstad vart norsk meister i herreklassen med 2.28.36. Under varme forhold tok Audhild Hestad NM-gullet i kvinneklassen på 2.57.25, 

Også veteran-NM i friidrett, som skulle gått like i nærleiken i sommar, er avlyst. Den meisterskapen skulle etter planen ha vori arrangert i Førde 26.-28. juni. 

%3Cb%3ESuveren%3A%3C%2Fb%3E+Henrik+Sandstad+vant+NM-tittelen+med+neste+10+minutters+margin.
Henrik Sandstad på veg mot NM-gull på ein varm og vakker dag i Jølster i 2008. (Foto: Kjell Vigestad)