Av pressemelding fra arrangør/ Trond Sundby

Balestrand Opp var i år eit av uttakingsløpa for VM i motbakkeløp i Thailand. Det var nok ein av grunnane til at vart satt ny løpsrekord både i dame og herreklassen. I tillegg var arrangørane veldig heldig med veret slik at traseen var relativ tørr. I herreklassen var det kniving i teten til halveis i løpet. Men her begynte Johann Bugge å dra frå medan Torbjørn Ludvigsen og den gamle rekordinnehavaren Øyvind Heiberg Sundby lå saman lenge. På slutten satte Ludvigsen inn ein drabeleg spurt og nærma seg Bugge. Men Bugge vann likevel klart på 38.minuttet, Ludvigsen slo inn på 38.19 medan Sundby kom inn på 38.53.

I dameklassen var det lenge kamp mellom den gamle rekordholdaren Annie Bersagel og Anita Iversen Lilleskare. Men i det bratteste partiet mot slutten av løpet satte Anita inn eit ekstra gir og vann klart med ny løpsrekord på 46.44. Annie kom inn på litt over 48 minutter. I EQ-timing resultatlista er. Annies tid feil slik at Nora Markus som kom inn på 49.26 vart nr 3. Tidtakarane fann ut feilen skuldast at reima på ryggsekken lå over chipen i nummeret. Dette var også tilfelle for Yngve Kiserud i klasse menn 40-44. Så han vann klassa føre Leif Bjørn Grindedal.

Så viktig melding til alle, arrangørar og deltakar, pass på at chipen på nummeret ikkje vert dekt til.

Arrangørane hadde også lagt inn eit artig stunt: Ein av verdas beste speedflyarar, Malachi Templeton frå New Zealand, utfordra ein av dei beste motbakkeløparane til duell om kven som kjem først frå Raudmelen til sentrum. Alle inntektene som kom inn går til Leger Utene Grenser. Torbjørn Ludvigsen tok utfordringa og heiv seg rundt på toppen ca 15min føre Malachai som måtte klargjere skjermen og søke litt rundt toppen for å finne rette termikken. Torbjørn kom ned først med klar margin. Stor takk til begge for sporty innsats for god sak.

Alle resultater

Flere bilder vil bli lagt ut på hjemmesiden til Balestrand opp

Foto: Arrangør.

Bilde1.png
Johann Bugge inn til ny løyperekord
 

Bilde2.png
Torbjørn Ludvigsen, Johann Bugge og Øyvind Heiberg Sundby.

Bilde3.png
Anita og Annie får sine velfortente premiar. Nora Markhus måtte reise heim før premieutdelinga

Bilde4.png
Torbjørn og Malachai