Pressemelding frå arrangøren:

Storehaugen opp 2013

Det vart ny løyperekord i dameklassa og ny deltakarrekord i konkurranseklassa på  5 års jubileumet for Storehaugen Opp som vart arrangert 2. pinsedag 20.mai.

Kirsten Marathon Melkevik sette ny løyperekord i dameklassa på tida 37:24. Fjorårets rekord hadde May Britt Buer på 37:58. På dei neste plassane kom Merete Helgheim og Merete Weng.
I herreklassa vann Torstein Tengsareid, Egersund IK Friidrett på 32:56. Dette er 41 sekundar bak Torstein Thorsen Ludvigsens rekord sett  i fjor. På dei neste plassane kom Stian Hovind Angermund og Øyvind Heiberg Sundby.
Storehaugen Opp er 1. løpet i Necon Motbakkecup og er ein knallbratt start på motbakkesesongen.
Løypa er på 3,7 km og har ein stigning på nær 25 %. Starten er på 7 moh og mål er på Storehaugen 908 moh. Været var perfekt å springe i, det var lettskya og 15° C på toppen.
230 mosjonistar gjekk og på Storehaugen. Her var tempoet litt meir varierande, men alle kom fornøgde nedatt til deltakarpremien som var Storehaugen Opp T-skjorte.
På nedatturen vart det servert spekemat og flatbrød, noko alle sette stor pris på.
Det er lagt ned mange dugnadstimar med stirydding, væskebæring og tilretteleggjing før løpet. Dette fekk me svært gode tilbakemeldingar på av fornøgde deltakarar.
Tusen takk til sponsorar, dugnadsgjeng, frivillige og ikkje minst av alle deltakarane for at Storehaugen Opp vart eit so vellukka arrangement. Me ynskjer alle deltakarane velkomne att neste år!

 

Resultata finn du her