Pressemelding - Hareid IL

Laurdag 8. januar vart vinterens tredje utgåve av Grimstadvatnet Rundt arrangert. 50 personar deltok – flest så langt i vinter. I likskap med i desember-løpet var det snø og ikkje heilt ideelle forhold. Vinnarane vart også dei same – noko som vi straks skal kome tilbake til.

Men ein del anna var ulikt

For grunna koronasituasjonen vart deltakarane sendt ut i puljer a ca. 15 personar – med to eller tre minutt mellom puljene. Løpet fekk derfor ein ekstra spennande dimensjon, a la ein jakstart i ein vinteridrett. Unge Odin Bakke-Hareide (Hareid IL), som mange kjenner som ein lovande fotballspelar i Hareid IL og IL Hødd – sprang eit kjempeløp og kom først i mål på tida 30,10. Men det ville det halde til siger? Det kom an på om førstemann i pulje 2 kom mindre enn tre minutt etter Bakke-Hareide i mål. Og det skjedde.

Knut Vikebakk løpets vinnar

Denne gongen fekk han tida 28.34, faktisk ei forbetring sidan sist. På dei neste plassane kom Peter Vattøy Nygjerde frå Ulsteinvik (29,06) og Jan Endre Rise frå Hareid IL (29,24). Mange hugsar nok at Rise hadde ein kjempesesong i 2021, men grunna skadar har han ikkje fått trena skikkeleg den siste månaden. Bakke-Hareide si tid heldt til ein solid fjerdeplass blant karane. Ein anna ungfule frå Hareid IL vart nummer fem på 30,40: Sondre A. Holstad. I dameklassen var det også status quo.

Louise Skak vann

May Nesheim frå Velledalen IL fekk si tredje pallplassering denne vinteren då ho vart nummer to med tida 34,00, ei lita forbetring frå sist. Som i herreklassen var det Hareid IL som tok tredje- og fjerdeplassen. Det sørga Oda Renate T. Midtflø og Cathrin Elvanes for. Men det kanskje aller kjekkaste med laurdagens løp var dei mange borna og ungdommane som deltok, ikkje minst frå Hareid IL si friidrettsgruppe. Mange av dei yngste, pluss trenarane deira, deltok i den tredje pulja. Og her var som seg hør og bør tida ikkje det viktigaste. Alt i alt ein kjekk dag for store og små. No står det berre igjen å lade opp til det fjerde og siste løpet i 40-årsjubileums-karusellen. Det går laurdag 5. februar.

Om koronasituasjonen tillet den tradisjonelle samlinga på klubbhuset etterpå får vi kome tilbake til.

Mange bilete og fullstendig resultatliste på Hareid IL sin Facebook-profil.

GMR_JAN_22_foto_arrangor1.jpg
Grunna koronasituasjonen var deltakarane delte inn i puljer. Den tredje bestod for det meste av unge og svært unge friidrettsutøvarar frå Hareid IL + nokre av trenarane deira. Foto: Arrangør.

GMR_JAN_22_foto_arrangor2.jpg
Vinnar av herreklassa: Knut Vikebakk.  Foto: Arrangør.

GMR_JAN_22_foto_arrangor4.jpg
Jonathan Hansen Bjørlykke har enno ikkje fylt 10 år, men fullførte Grimstadvatnet Rundt med glans. Her saman med broren Sebastian.  Foto: Arrangør.

Resulteter.png
 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957