Sist års norske meister på 24-timarsløp, Arvid Haugen, vann tredjeetappen og leiar klart i samandraget. (Foto: arrangøren)
Sist års norske meister på 24-timarsløp, Arvid Haugen, vann tredjeetappen og leiar klart i samandraget. (Foto: arrangøren)

Lang og krevjande tredjeetappe i Bømlo Ultrafestival

Heile 63 kilometer skulle deltakarane i Bømlo Ultrafestival leggje bak seg i den tredje av dei fem etappane. Og som biletet viser, var det ikkje berre flatmark som skulle forserast. Løypa gjekk opp på Siggjo, den høgste toppen på Bømlo, 474 moh.

Publisert Sist oppdatert

Begge dei to favorittane, Arvid Haugen og Therese Falk, styrka posisjonen sin gjennom den tredje etappen i Bømlo Ultrafestival. Rett nok måtte Therese gjera det ho ikkje er så glad i, nemleg å springe opp på og ned av fjell, men likevel var ho halvanna time framføre kvinne nummer to, Jeanette Vika, i mål.

- No som eg er ferdig med Siggjo er eg kjempelukkeleg, for eg er ikkje fjellgeit, fortalde Therese Falk i eit intervju med Vestlandsrevyen på NRK. Både vidoen og bileta fortel om nok ein solskinsdag, og sjølv om det ikkje akkurat var nokon tropevarme, så var det ifølgje vinnaren av herreklassen, Arvid Haugen, meir enn varmt nok. Han oppsummerte på følgjande vis på Facebook-sida si:

"Bømlo-varmen har slått til som vanlig - 5 liter vatn gjekk med på dagens etappe. 6.08 er ei saftig forbedring frå 2019 (6.45) superfornøyd her i sola. No blir det is og kaffe."

Seks menn og to kvinner fullførte langløypa på 63 km, medan to menn og ei kvinne sprang den korte på 30 km. Etter tre etappar er det sju løparar som heng med i samandraget i langversjonen og to i den korte. Med så lange og tette etappar er det ein prestasjon i seg sjølv å fullføre.

Therese_Falk.jpg


Therese Falk trivst ikkje like godt i ulendt terreng som på slett asfalt. Heldigvis for henne får ho mest av det siste i Bømlo Ultrafestival. (Foto: arrangøren)

Peter_Tubaas.jpg


Primus motor for festivalen, Peter Tubaas, får tid til det meste - arrangere, springe langløypa i velbrukte sko, fotografere og inpsirere. (Foto: arrangøren)

Elisabeth_Esperoe.jpg
Resultat dag 3
Mosterhamn med Siggjo – 63 km
Menn
1Arvid Haugen 06.08.13
2Jørn Carlsen 07.23.12
3Ole Erik Flatin 08.03.59
4Magnus Thorud 08.03.59
5Peter Tubaas 08.15.11
6Terje Lyngstad 10.14.56
Kvinner
1Therese Falk 06.33.35
2Jeanette Vika 08.03.59
30 km
Menn
1Bjørn Håvard Bjørklund 03.11.01
2Geir Dybdahl 03.50.03
Kvinner
1Elisabeth Esperø 03.19.00
Anne Britt Bringedal DNF
Samanlagt etter tre dagar
Fulldistanse kvinner
1Therese Falk 17.15.09
2Jeanette Vika 21.36.05
Fulldistanse menn
1Arvid Haugen 16.49.37
2Peter Tubaas 21.27.32
3Magnus Thorud 21.36.05
4Ole Erik Flatin 21.36.05
5Terje Lyngstad 26.10.10
Halvdistanse menn
1Bjørn Håvard Bjørklund 9.13.37
2Geir Dybdahl 9.52.39


Elisabeth Esperø fullførte kortløypa på 30 km i fin stil. Også i denne løypa fekk var avstikkaren opp til toppen av Siggjo lagt inn. (Foto: arrangøren)

Terje_Lyngstad_og_Torbjoern_Hammersland.jpg

Bømlo har mange bruer, og her er det Terje Lyngsad og Torbjørn Hammersland som har klatra opp på ei av dei. (Foto: arrangøren)

Reportasje frå førsteetappen i Bømlo Ultrafestival

Reportasje frå andreetappen i Bømlo Ultrafestival

Fleire bilete og meir om festivalen på løpets Facebookside

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
Powered by Labrador CMS