11 vakre km på ein bit av gamlevegen mellom Haugesund og Oslo. Dette siste bindeleddet vart starta på i 1937, både frå Fjæra i aust og Tjelmeland i vest. Vegen vart opna 9. april 1942. Arbeidarane opp i 1100 på det meste, var hyra av Statens vegvesen til vanleg løn. Alt arbeid vart gjort manuelt, med unnatak av boremaskin heilt i sluttfasen.

Store premiar i utkanten
I utkanten av kva? Arrangøren IF Klypetussen veit sjølvsagt at det er relativt langt frå Åkrafjorden til dei store sentra. Difor føler klubben at ein vil prøva å gjera turen verdt å ta også frå dei godt befolka områda.

Kr 6000,- trekkast blant alle
Den aller største premien er kr 6000,- sponsa av Marine Harvest, hovudsponsoren. Ein av deltakarane som spring, syklar, eller går er med i denne trekkjinga. Dette gjeld og kortløypa og barneløpet på 750 m, turgåing med eller utan sykkel, og stafett. Der får kvart lag én lapp oppi trekkjebøtta. Det er i tillegg mange andre fine trekkjepremiar som t.d. flott bestikksett sponsa av HardangerBestikk i Kinsarvik. 

Men, dei som vil vinna premiar må vera til stades under trekkjinga. Dette for å underbyggja den atmosfæren arrangøren prøver å skapa. 

Premiestigen kvinner og menn 2018: (1. premie dobla sidan 2017)
1. premie kr 4000,-
2. premie kr 2000,-
3. premie kr 1000,- 

I tillegg kr 5000,- for løyperekord
For kvinner kr 500,- ekstra om rekorden kjem under 40.00 minutt.

Løyperekordar:
Kvinner: MARYNA NOVIK, IF Klypetussen    40.33.
Menn:    LABAN SIRO,       IF Klypetussen    33.35

"Bergprisen" med Hardangerbestikk
Fyrste kvinne- og mann på toppen av traséen etter 2950 m, får eit flott sett med Hardangerbestikk. 
Heile løypa er på asfalt. 

Nytt i 2018:
Stafett 8 etappar. 6 x 1 km, 1 x2 km og 1 x 3 km. Alle lag får ein lapp i premietrekkjinga.
Alle gruppar kan melda seg på hos EQ-timing. Alle som melder seg på innan 4. august, er med på trekkjinga av 20 Flaxlodd, til éin heldig vinnar.


PÅMELDING

Maryna i Langs Åkrafjorden.jpg
Maryna i fint driv over Storadjuv bru etter ca 7 km. I bakkant ser med platform for strikkhopping. 120 m rett ned.... 

IMG_4648.JPG
Laban Siro t.h.  måtte slå landsmann Francis Kipketer Chesumai (2.09 på maraton), for å setta den fantastiske løyperekorden

Susanne 1.jpg
Susanne Wigene var ikkje "berre" trekkplaster i 2017, for ho var berre 61 sekund bak løyperekorden. Vert ho med også i 2018, og gjer eit forsøk på løyperekorden?