640_JoelDyrhovden_FotoChrPr

Annie Bersagel og Joel Dyrhovden vann Fanaråken Opp

Publisert Sist oppdatert

Ingressbilde: Raskaste mann, Joel Dyrhovden frå Samnanger. Endeleg på toppen av pallen i Fanaråken Opp etter fleire 2. og 3. plassar. Joel vann på ny pers 1:00:50 (foto Christian Prestegård).

I dagane før den 14. utgåva av motbakkeløpet Fanaråken Opp handla det meste om vær. Værmeldingane varsla regn og regn, og for Fanaråken Opp som har mål 2068moh var det utsikter for snøbyger. Det var mykje regn heilt fram til løpsstart noko som fekk konsekvensar for påmeldingane til løpet, men under løpet var det lite nedbør og gode løpsforhold. Det vart sett mange personlege rekordar. Totalt fullførte 222 deltakarar løpet. Av desse 82 i konkurranseklassa.

Annie Bersagel, IK Tjalve/ Under Armour (USA) vart raskaste dame på 1:09:34. Tida er berre 3 sek. bak vinnartida til fjorårets vinnar Eli Anne Dvergsdal som i fjor vart nr 2 i EM i motbakkeløp. Vinnartida til Annie er over 7 min raskare enn nr 2 Merete Helgheim. Annie har i år ma. også vunne Kvasshovden Opp og Molden Opp som var NM motbakkeløp 2016 (og slo norgesmesteren i dette løpet), I 2013 vart ho Amerikansk meistar på maraton og i 2006 på halvmaraton. (Foto Christian Prestegård)

For fleire resultat sjå fullstendig resultatlistewww.fanaraaken.com

640_Red_Nr2M.FotoChrPr.jpg

Per Kristian Lysaker Torgersrud vart nr 2 totalt på 1:01:55 (Foto Christian Prestegård)

640_PerOve_Spurt_FotoChrPr.jpg

Innspurt i tåka mot mål ved Fannaråkhytta, den høgastliggjande turisthytta i Nord-Europa 2.068moh. Fotoet viser Per Ove Walakar frå arrangørklubben IL Fanaråk som spurtar i mål til 2pl. i kl M40-44 på ny pers. 1.10:11. (Foto Christian Prestegård)

Luftig drikke- og Raude Kors-stasjon i løypa 1800moh serverte Lerums blåbærsaft også til løparane som var på veg ned igjen. Frå høgre Jann Olav Tjønneland, Viksdalen som vann kl M40 på 1:06:53, Merete Helgheim, Gloppen, som vart nr 2 i dameklassa og Gerard Cornelissen, Nederland som vart nr 2 i kl. M45. Sjå målbildet av Gerard nedanfor. (foto Christian Prestegård)

640_FlottLøpsvær.jpg

Det var stor variasjon i løpsantrekk. Renate Tveita syntes at det var flott løpsvær sjølv om temperaturen kom ned mot 0 på toppen. Kven snakka om styrtregn og snøvær på toppen ? Foto Christian Prestegård

640_Haugen.ChrPr.jpg

Svein Arne Haugen sette ny pers på si gamle "heimebane" med 1:08:51. Haugen som norepresenterer Varegg/Fjellgeitene kjem frå Gaupne i Luster. (Foto Christian Prestegård)

Jakob Meløy som no representer NTNUI kjem frå Hafslo i Luster. Jakob sprang i mål på 1:10:36 (Foto Chr Prestegård)

640_Jakob_Meløy.FotoChrPr.jpg

Reese Bendiksen i kl. D15-17år vart nr 3 totalt i dameklassa med 1:21:20. Bak kjem Janne Eikås som vart nr 4 totalt 23 sek. bak Reese. Foto Chr Prestegård Janne Eikås, Jølster IL vart nr 1 i kl. D45-49 på 1:21:43 (Foto Chr Prestegård)

640_ReeseBendiksen.jpg
640_JanneEikås_FotoChrPr.jpg.jpg

Ove Bernes, Mjøsdalen IL vann kl. M60-64 på 1:16:53.

Lars Otto Alme, Fjellhug Vereide IL i kl. M45 "flaug" til topps på 1:29:32 (Foto Chr Prestegård)

640_Lars Otto Alme.jpg

Sofie Dedekam Kryvi, Fana IL og Ljot Strømseng. (Foto Chr Prestegård)

640_SophieogLjot_fotoChrP.jpg

Spreke unge trimmarar saman med ein sprek veteranløpar Trond Sundby ved omlag 1800 moh. Sundby er også løpsleiar for motbakkeløpet Balestrand Opp. (Foto Chr Prestegård)

640_ungetrimmararogTS.FotoChrPr.jpg
640_Håvard Fuglesteg.FotoChrPr.jpg.JPG

Håvard Fuglesteg frå arrangørklubben IL Fanaråk får gleda av å avrunde denne bildereportasjen. Håvard har hatt stor framgang i år og kom i mål på tida 1:15:16. Foto Christian Prestegård

Powered by Labrador CMS