Fra starten. (Foto: Ane Mari Sveinungsen)
Fra starten. (Foto: Ane Mari Sveinungsen)

Folkefest Langs Åkrafjorden

For 19. gang var det løp langs Åkrafjorden. Årets løp var perfekt på alle måtar. Vindfritt, og passe fin løpstemperatur som steig i takt med sola som kom lengre og lengre innover langs fjorden.

Publisert Sist oppdatert

På nytt var det duka for løp langs den gamle Åkrafjordvegen frå Tjelmeland til Teigland. Strekninga på 11 km, der dei 3 første er ein lang seig motbakke. Men så er det fri flyt nedover forbi Trolljuv bru og vidare ned til Rafdal. Dei siste 3 km er lett kupert, der motbakken mot mål sug ut det siste av krefter.

Men årets løp var perfekt på alle måtar. Vindfritt, og passe fin løpstemperatur som steig i takt med sola som kom lengre og lengre innover langs fjorden.
Det låg til rette for mange gode tider i årets løp.
I fleire år har løypa fått fleire løyperekordar, seinast i fjor når Zerei Kbrom Mezngi frå Spirit Stavanger knuste til med 31.38.

Årets deltaking var ikkje av det kaliber, men Tom Erik Karlsen som spring for Ølen VGS – Idrettsfag, tok tidleg leiinga. På toppen låg han over minuttet framanfor dei neste løparane. Forspranget berre auka nedover, og i mål var han 5 min før Ola Odland (Stord) og Stian Haugland (Ølen).

Det var omtrent likt i kvinneklassen, der Maryna Novik frå arrangørklubben, leda med eit minutt på toppen. Annette Velde Sande (Haugesund (spring for BFG Bergen Løpeklubb)) og Mariann Vevatne (Etne) låg likt på toppen, men Annette drog frå nedover bakkane. Mariann klarte å halda plassen sin heilt til mål, og sikra seg 3. plass.

Det vart utkjempa mange personlege knivingar langs løypa, der treningskompisar og gamle tider skulle slåast. Svært mange reiste heim med ein god følelse av å ha vunne sin kamp, sidan dei strålte i kapp med sola.

Etter 2 sesongar med koronarestriksjonar var det kjekt å sleppa til ein liten flokk turgåarar same dagen som løpet er. Nokon få gjekk eller sykla tidlegare i august, men stemninga er større langs løypa når dei får vera samtidig med løparane.
Håpar jo at med ein vinter til så er det normale tilstandar på slike arrangement igjen.

Spenninga steig fort når den gode speakeren, John Karsten Hustveit skal dela ut premiar og gåvekort.
Dei heldige i år var Åse Berge og Alfred Natterøy-Sævareid som vann 1000,- kr kvar. Gåvekortet på 3000,- gjekk til Gjertrud Jøsendal Tvedt, medan gåvekort på hyttehelg på Kyrping Camping gjekk til Odd Inge Tvedt i Røldal.

Etter ein vellukka dag langs Åkrafjorden er arrangøren i gang med idear til neste løp, der det skal feirst 20-års jubileum. Ei lita overrasking til løparar og turgåarar skal det bli. Og kanskje me får nokon til å prøva seg på løyperekorden?

Arrangøren vil takka alle som både deltok, sponsa arrangementet og hjelpte til!

Alle resultater fra Land Åkrafjorden

11 - Vinnarar - Dameklassen - 1.jpg


Premiepallen kvinner: Annette Velde Sande, Maryna Novik og Mariann Vevatne. (Foto: Olav Samland)

Løpsklasse i "Langs Åkrafjorden" - 21. august 2021:

Kvinner

Premiepallen_menn.jpg
Klasse:StartnrNamnE-namnKlubbBERGMÅL
KV 40-4425MarynaNovikIF Klypetussen12.4441.36
KV 35-3919Annette VeldeSandeBFG Bergen Løpeklubb13.5144.29
KV 35-398MariannVevatneEtne IL13.5146.26
KS17HelenaHope***Privat***14.0346.31
KV 55-5929BeritAsheimSandeid16.0152.32
KV 40-4433Anette LauareidHovdaIF Klypetussen16.5756.45
KV 45-4913Anne ElisabetSkjoldØlen 19.4866.29
KV 35-3918CarinaHornenesEtne18.4976.31


Premiepallen menn: Ola Odland, Tom Erik Karlsen og Stian Haugland. (Foto: Olav Samland)

Menn

MS32Tom ErikKarlsenØlen VGS - Idrettsfag10.5835.32
MV 35-3930OlaOdlandStord IL - SRS12.5540.26
MV 35-3934StianHauglandØlen IL12.1840.48
MV 50-549Bjørn IvarSvendsenSpirit-Stavanger12.3741.21
MV 40-4420ØysteinOlsenKolnes 12.4141.54
MV 35-394Sindre EkornrudIF Klypetussen13.1843.12
MV 40-4421Åge MikaelHjellestadØlen13.1143.36
MV 45-496OveIvesdalOmega 36513.1544.18
MS11ÅsmundNorheimEtne IL13.1044.55
MS15KristofferEkornrudIF Klypetussen13.2745.10
MV 40-4427TorOlsonHaugesund13.1245.33
MV 35-3924Johannes SelvikTornesBergen13.0746.02
MS23Morten StiansenHaugelandTeam Sportsmanden13.5046.03
MV 60-6410TerjeEileraasHaugesund Triathlonklubb14.2646.23
MV 40-4414Torodd NilsenSveio13.5446.35
MV 45-4926Magne BergeIF Klypetussen14.0747.38
MV 40-4431Tor MalminHaugesund IL14.1049.04
MV 50-541RuneSvendsenIF Klypetussen15.0751.36
MV 60-6416RogerLøkkenVindafjord IL/Team Løkken17.0456.10
MV 35-3935BaardAksnesStord 16.4857.31
MV 65-697Eric W.MillsEtne IL18.4459.10
MV 50-5412Trygve Gunnar Bjelland-HenriksenIF Klypetussen18.3662.11
MV 65-695HaraldMågeIF Klypetussen18.4462.12
MV 65-6922Odd GunnarNilsenIF Klypetussen20.2063.57
MV 65-692GisleSellevoldIF Klypetussen22.1574.28

Desse løpsbileta er tekne av Ane Mari Sveinungsen:

_FILNAVN.jpg Bjørn Ivar Svendsen - Målfoto

_FILNAVN.jpg Carina Hornenes i mål

_FILNAVN.jpg Tor Malmin - Bergprisen

_FILNAVN.jpg Åsmund Norheim mot mål

_FILNAVN.jpg Tom Erik Karlsen - Bergprisen

_FILNAVN.jpg Ola Odland - Stord - Nr 2

_FILNAVN.jpg Stian Haugland - Ølen - Nr 3

_FILNAVN.jpg Maryna Novik i mål

_FILNAVN.jpg Sindre Ekornrud - Nr 6

_FILNAVN.jpg Annette Velde Sande og Mariann Vevatne - Bergprisen -

_FILNAVN.jpg Annette Velde Sande er hoppande glad for rekordar i løpet.

_FILNAVN.jpg Mariann Vevatne mot mål

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
Powered by Labrador CMS