sykle, løpe, rulleski opp Bergsdalen
I Bergsdalen Opp kan du velje om du vil sykle, gå på rulleski eller springe opp den svingete vegen. (Foto/montasje: Arne Dag Myking)

Igjen klart for Bergsdalen Opp-trippel

Det er igjen klart for det spesielle arrangementet Bergsdalen Opp, der ein kan velje mellom løp, sykkel eller rulleski.Årets utgåve av det unike og spektakulære motbakkeløpet går no til helga, 8. juni.

Publisert Sist oppdatert

Det finst ikkje så mange idrettskonkurransar der ein kan velje mellom fleire ulike idrettsgreiner, men her er Bergsdalen Opp unntaket. Her kan du nemleg velje om du vil springe, sykle eller gå på rulleski opp Bergsdalen ovanfor Dale. Poenget er å klare å komme seg opp den bratte og svingete dalen på kortast mogleg tid, med målgang ved demninga på toppen.

Dato: Laurdag 8. juni

Arrangementet er ein del av Daledagene
Sted: Dale, Vaksdal Kommune. 1 times køyring frå Bergen.

Starttidspunkt:

11:30: Start Løp
11:40: Start rulleski klassisk og fristil
12:00: Start Sykkel

Trase: 4 km jamn 10% stigning
Underlag asfalt

Les mer om Bergsdalen Opp på arrangørens sider.

Laurdag 8. Juni går startskotet for 11. gong. Publikum kjem reisande frå heile landet, det er samtidig Daledagane og feststemning i bygden.

Rekordane

Det er på tide å utfordra rekordane både i løp og rulleski. Torbjørn Ludvigsen sin 16:18 frå 2015 har overlevd mange angrep. Dei neste er berre sekundar bak. På rulleski er Hans Inge Klette sin rekord på 17:30 og Karoline Simpson-Larsens sin på 19:53 begge frå 2017 klare til å bli slått.

Sykkel har dei ferskaste rekordane med Ådne Holter på 11:45 og Emma Dyrhovden 15:36 begge frå 2022. Dette er rekordar som er vanskeleg å slå men ikkje umogeleg.

Se Kondisreportasje fra Bergsdalen Opp i 2022:

Start Løp.jpg

Frå starten på løpet, midt i hovudgata på Dale.

Powered by Labrador CMS