Marit_Aarthun_2010_DSC_0930

Marit Årthun vann Benidorm Marathon

Marit Årthun trudde ikkje ho skulle vinne, men 3.03.24 heldt til siger i Benidorm Marathon som gjekk på den spanske solkysten 28. november.

Publisert Sist oppdatert

Benidorm Marathon tilhøyrer ikkje dei store maratonløpa, og i år fullførte i alt 311 løparar. Likevel var det stas å vinne.

- Det var veldig overraskande. Løypa gjekk to rundar langs stranda og gjennom sentrum. Løpsforholda var glimrande med 10 grader og sol da løpet starta klokka 8.30. Eit veldig kjekt og godt arrangert løp, fortel Marit som vart rikeleg premiert med stor pokal, tovekers hotellopphald i Benidorm og 750 euro.

Etter løpet går Marit Årthun inn på ein 16. plass på den norske årsstatistikken. Persen hennes er på 2.55.41 og vart sett i 2006. Den største meritten kom året etter da ho vart norsk meister på distansen, og i sommar vann ho Rallarvegsløpet. No hadde Marit halvanna minutt til gode på nummer to - og 17 minutt ned til nummer tre.

Herreklassen vart vunnen av Elhoussine Essemaali på 2.25.55. Her vart Gunnar Våge nummer 79 med 3.21.35 og Kjell Arne Johansen nummer 157 med 3.39.00.

Kvinner
32MARIT ÄRTHUN 03:03:24
37CRISTINA GONZALEZ GARCIA 03:04:59
72SARA ATKINSON 03:20:11
Menn
1ELHOUSSINE ESSEMAALI02:25:55
2ABDELILAH MJIBAR 02:25:59
3ANDRES MICO MARTINEZ 02:27:53
...
79GUNNAR VAAGE 03:21:35
157KJELL ARNE JOHANSEN03:39:00

Benidorm Marathons heimeside med alle resultat

Powered by Labrador CMS