Marius Vedvik sprang inn til ny løyperekord i Vettisløpet. (Foto: arrangøren)
Marius Vedvik sprang inn til ny løyperekord i Vettisløpet. (Foto: arrangøren)

Marius Vedvik med ny løyperekord i Vettisløpet

Marius Vedvik er tilbake etter skade, og 22. mai slo Gular-løparen den seks år gamle løyperekorden til Svein Inge Buhaug i Vettisløpet.

Publisert Sist oppdatert

Rekorden som Svein Inge Buhaug sette i 2010, var på 30.43. No gjorde Marius Vedvik unna dei 9 ikkje heilt lette kilometrane på 28.38. Overraskande fort sprang òg Rune Opem som vart nummer to, berre 18 sekund bak Vedvik.

I kvinneklassen overlevde løyperekorden til Ann Margrethe Tråve som i 2004 sprang på 36.04. No vann Kia Gemechu på 36.44 medan Tråve, som er vorti 61 år, tok tredjeplassen på 41.45.

43 løparar sprang på tid i den 31. utgåva av Vettisløpet. Løypa går på grusunderlag i ein fram- og tilbaketrasé i Øvre Årdal. I tillegg var det ca. 200 som deltok i trimklassen. Regnvêret var nok ei forklaring på at det var ein god del færre deltakarar enn normalt.

Loeypeprofil_Vettisloepet.jpg


Løypa har mykje motbakke første halvdel, før ein snur og spring tilbake.

Menn
1Marius Vedvik IL Gular 28:38
1Rune Opem IL Dalebrand 28:56
2Roy Olsen IL Jotun 34:33
2Jan Øyvind Bolstad IL Fanaråk 35:22
3Are Siljan Børset Hydro BIL 35:49
1Bjørn Fretland IL Jotun 35:54
Kvinner
1Kia Gemechu Sogndal IL 36:44
2Hege Lien IL Jotun 41:31
1Anna Margrethe Tråve Lærdal IL 41:45
1Anita Tveit Neset Sprekis 44:21
2Anne Bjørg Dalheim ÅTIL 44:53
3Solveig Tveit Eggum NOTEAM 46:29


Alle resultat

Vedvik_og_Opem.jpg



Rune Opem (til høgre) har fylt 41 år og imponerte stort med å vera berre 18 sekund bak hardtsatsande Marius Vedvik. (Foto: arrangøren)

Powered by Labrador CMS