Janne Eikås og Marius Vedvik var dei raskaste i terrenget Galdane Rundt. (Foto: Jan Christian Jerving)
Janne Eikås og Marius Vedvik var dei raskaste i terrenget Galdane Rundt. (Foto: Jan Christian Jerving)

Marius Vedvik satte løyperekord i Galdane Rundt

Publisert Sist oppdatert

Alle foto: Jan Chr. Jerving


Laurdag 15. oktober arrangerte friidrettsgruppa i Lærdal IL terrengløpet Galdane Rundt for fjerde gong. Løpet er på 8,7 km og går i ei kupert rundløype langs Lærdalselvi. Start og mål er ved rasteplassen Koret på Ljøsne og løypa går nedunder husmannsplassen Galdane, over to nyrestaurerte bruer på kongevegtrasen før ho svingar ved Sjurhaugen, nedatt til Gravdalen og gamle Seltunåsen. Terrenget og naturen er mektig og vegen går på historisk grunn.


Marius Vedvik satte løyperekord
Marius Vedvik, IL Gular sette løyperekord med den knallsterke tida 29:56. Han vann framfør Eivind Øygard frå Jølster IL, som sprang på 30:33. Eivind hadde den førre rekorden, sett i fjor, då han sprang på 31:10. Nr. 3 vart Thomas Windheim, IL Gular på tida 33:32.

527A8839.JPG

Marius Vedvik i løypa.

Janne Eikås vann kvinneklassa
I dameklassa vann Janne Eikås frå Jølster IL på 41:52. Marita Hestetun og Christina Linde sprang likt over mål på 42:45 på delt andreplass totalt blant damene.

527A8953.JPG


Janne Eikås i løypa.

Over 200 deltakarar
Over 200 deltok på Galdane Rundt i ei turr og fin løype, 130 mosjonistar gjekk Galdane Rundt og 73 deltok i konkurranseklassa. Det var stort lokalt engasjement, men og imponerande mange langvegsfarande som tok turen til Lærdal på terrengløpet.

- Arrangørane er kjempefornøgde med oppmøtet og set pris på at andre og tykker Galdane Rundt er ei fin løype og eit fint arrangement. Tusen takk for deltakinga og vel møtt til neste haust til Norges finaste terrengløp, sier Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal IL.

Løpets Facebookside med mange flere bilder

KLASSEVIS RESULTATER


Dei raskaste:

Menn (52 deltakere på tid):
1 74 Marius VedvikIL Gular29:56:00 Menn 23-34 år
2 24 Eivind ØygardJølster IL30:33:00 Menn 23-34 år
3 7 Thomas WindheimIL Gular33:32:00 Menn 23-34 år
4 10 Espen KristiansenIL Gular33:40:00 Menn 23-34 år
5 25 Knut Olav ØygardJølster IL34:20:00 Menn 23-34 år
6 14 Roy OlsenIL Jotun35:09:00 Menn 35-39 år
7 5 Per Ove WalakerIL Fanaråk35:22:00 Menn 40-44 år
8 71 Arvid BrudevoldVik IL36:44:00 Menn 50-54 år
9 62 Are Siljan BørsetNoteam36:59:00 Menn 23-34 år
10 11 Jan Øyvind BolstadIL Fanaråk37:09:00 Menn 45-49 år
Kvinner (22 deltakere på tid):
1 59 Janne EikåsJølster IL41:52:00 Kvinner 45-49 år
2 12 Marita HestetunIL Jotun42:45:00 Kvinner 23-34 år
2 22 Christina M LindeVaregg Fleridrett42:45:00 Kvinner 45-49 år
4 1 Anna M TråveLærdal IL44:01:00 Kvinner 60-64 år
5 39 Emma WernerSolvorn45:04:00 Kvinner 23-34 år



Flere bilder fra Galdane rundt
ALLE FOTO: JAN CHRISTIAN JEVNING

527A8791.JPG


Fra starten.

527A8808.JPG


Marius Vedvik i løypa...

527A8816.JPG


Marius Vedvik i historiske omgjevnader.

527A8836.JPG


Marius Vedvik på Kongevegen.

527A8869.JPG


Eivind Øygard som vart nummer to.

527A8871.JPG


Thomas Windheim blei nummer tre.

527A8947.JPG


Jens-Henrik Hegg vann klasse "yngre rekrutt" (kva nå det er?). Som vi ser er det ei fantastisk flott løype.

527A8963.JPG


Christina M Linde delte 2. plassen med...

527A8964.JPG


.......Marita Hestetun.

527A8999.JPG


Nancy Sommer blei nummer 6.

527A9046.JPG


Løparane straumar på i den fine løypa. Her kjem Anthony Labarca Hiller, Ingar Paaske og Torill Erne.

527A9114.JPG


Det er godt med litt varmt i kroppen etter målgang.

527A9127.JPG


Fornøgde deltakarar.

527A9181.JPG


Fra premieutdelinga.

527A9192.JPG


Vinnarane.

Powered by Labrador CMS